NRK Meny
Normal

Sakna padlar funne i god behald

Både luftambulanse, redningsskøyte og kystvakta deltok i søk etter ein sakna padlar utanfor Spangereid i Lindesnes.

Laster kart, vennligst vent...

I tillegg leita politiet etter mannen langs land. Det var ein mann i 60-åra som var meldt sakna.

Mannen vart funne på Vestre Imsa ved 18-tida.

Ifølgje politiet var mannen ute på padletur saman med fire andre før han heldt fram turen aleine.

Ingen hadde sett mannen sidan klokka 14.30.

Laster Twitter-innhold