Leitar framleis etter innbrotsbande

Politiet held fram leitinga etter innbrotsbanden som har herja på Sørlandet den siste tida.

Politihelikopter

LEITAR: Politihelikopteret er stasjonert ved sjukehuset i Arendal. Politiet stadfestar overfor NRK.no at helikopteret vil bli nytta laurdag kveld.

Foto: Per Kåre Sandbakk/NRK

Politihelikopteret er stasjonert i Arendal og vil bli nytta laurdag kveld.

NRK.no har vore i kontakt med ei rekkje personar i politiet laurdag, men ingen vil uttale seg i saka. Men dei stadfestar at fleire patruljer vil halde fram leitinga utover kvelden og at helikopter vil bli nytta.

Avansert helikopter

Helikopteret inneheld noko av det mest avanserte utstyret til politiet. Helikopteret er eit av Europas mest avanserte og kan ta passfoto av ansiktet til ein person på lang avstand.

– Kun fantasien set grenser for kva vi kan gjere med dette helikopteret, har operativ leiar Håkon Gerhardsen sagt til Nettavisen tidlegare

Ifølgje avisa kosta helikopteret 42 millionar kroner i innkjøp. Å bruke helikopteret kostar rundt 4000 kroner i timen.

70 innbrot på to veker

Ein bande, truleg får Aust-Europa, står truleg bak over 70 innbrot på Sørlandet dei siste to vekene.

Innbrota har skapar frykt i landsdelen, og i Arendal er sportsbutikkane i ferd med å bli tømde for balltre.

– Eg forstår at folk er engstelege og skremde over tjuveribølgja som rullar over Sørlandet. Men det er ingen grunn til å seie at det er farlege personar på ferde. Vi har ingen døme på at nokon har vore valdelege på nokon måte, seier politistasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad til NRK.no.

Skaffar seg våpen

Han likar dårleg at folk skaffar seg våpen.

– Det skal vi halde oss ifrå. Det er ikkje snakk om farlege personar og det er politiet si oppgåve å gripe inn dersom det er snakk om våpen og slike ting. Eg vil ikkje rå folk til å nytte seg av det i det heile. Då kan det bli veldig ille, seier Krogstad.