Hopp til innhold

Lege slo alarm: Kvart femte legevaktbesøk unødvendig

Kvar femte legevaktpasient i Kristiansand burde heller ha gått til fastlegen. Kommunen varslar endringar etter bekymringsmelding frå ein lege.

Folk oppsøker legevakta med lidelser de heller kunne tatt med fastlegen. Det skaper problemer.

I eit brev til fylkeslegen kritiserer legen organiseringa av helsetenesta på legevakta i Kristiansand.

– Vi er kjende med forholda i brevet frå legen og kritikken hans er berettiga. Vi jobbar på fleire plan med å løyse problema, seier leiar av Kristiansand legevakt, Rolf Jarnes i ei pressemelding.

– Kunne ha fått hjelp av fastlegen

Mellom anna hamnar mange i lang telefonkø og møter i staden opp på legevakta. Dette gjer at legevakta ikkje klarer å ta unna alle som møter opp og mange må vente.

Ifølgje Jarnes er det mange som ikkje hadde trengt å komme på legevakta.

– Over 20 prosent av dei 39 000 besøkande kunne ha fått hjelp av fastlegen sin, men av ulike årsaker hamnar dei likevel hos oss. Legevakta er til for akutte tilfelle som ikkje kan handterast i tide av fastlegen, seier Jarnes.

– Mediene skapar eit bilete av at ein bør oppsøke legevakta og at ein har ein rettighet der. Det gjer at mange søkjer legevakta. Så er den meir tilgjengeleg enn timane hos fastlegane. Då verkar det som ein vrir straumen litt mot legevakta, og så blir det for mange til at vi kan klare å halde unna, seier Jarnes til NRK.

Vil ha dialog med publikum

Ifølgje Jarnes tek legevakta i Kristiansand imot kring hundre pasientar kvar einaste dag.

– Det er hektisk store deler av døgnet, seier han.

– Korleis skal ein løyse situasjonen?

– Vi må kommunisere betre med publikum og få ut kva legevakta skal vere. Den skal vere til for alle, men ikkje for alt, seier Jarnes.

Jarnes trekkjer mellom anna fram halsbetennelse, lett feber og vondt i hovudet som døme på kva ein bør droppe å oppsøke legevakta med.

– Det er ting som ein gjerne har venta litt med heime. Då kan du vente ein dag til, seier han.

Skal gjere endringar

Helse- og sosialdirektør Wenche P. Dehli seier at det blir endringar. Mellom anna har ho gitt klarsignal til ombygging og auka bemanning.

På lengre sikt skal det leggjast fram ein heilt ny plan for legevakttenesta, går det fram i pressemeldinga.

Legevakta i Kristiansand betjener innbygjarane i 12 kommunar i Agder. Kvart år mottek dei kring 100 000 henvendelsar gjennom sentralbordet.

Legevakt

Kristiansand kommune varslar endringar på legevakta.

Foto: Morten Rosenvinge / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %