NRK Meny
Normal

Laushundar tok livet av geit

Politiet har sett i gang etterforsking etter at to laushundar drepte ei geit i Iveland torsdag ettermiddag.

Politiet fekk melding om hendinga ved 16.30-tida.

Politiet fekk tak i den eine hunden, medan den andre stakk til skogs.

– Hunden vi fekk tak i var merka, så vi har funne eigaren, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Jon Kvitne til NRK.

Det var to geiter ute saman.

Ifølgje politiet ligna dei to hundane husky.

– Saka vil bli etterforska når Vennsla og Iveland lensmannskontor har kapasitet til det, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.