Hopp til innhold

Flenge i låret framleis ei gåte for politiet etter sjåførkrangel

Politiet veit framleis ikkje korleis ein russisk mann (50) vart påført ei stor flenge i låret. Politiet har no starta avhøyr av tre menn som er sikta for valdsbruk.

vatnestrøm

– Vi har ikkje beslaglagt noko våpen. Vi har starta avhøyrt for å konkretisere kva som eigentleg har skjedd, seier lensmann i Iveland og Vennesla John Thomas Homme til NRK.

Det var like før klokka 23 torsdag kveld at situasjonen oppstod på Vatnestrøm i Iveland kommune.

Har gjort beslag

Slåstkampen enda med at ein mann vart send til sjukehus. Korleis flenga i låret oppstod er førebels ukjent for politiet.

Politiet har gjort beslag av fleire klesplagg på staden. I tillegg er det teke blodprøve av dei fire involverte.

– Dette er gjort for å fastslå eventuelt inntak av alkohol. Så får vi vente å sjå kva det gir oss av svar, seier han.

Sikta for vald

På grunn av at alle dei fire mennene er frå Russland eller Ukraina har det teke tid før politiet fekk sett i gang avhøyr.

– Eg har ingen på kontoret som snakkar russisk, så vi måtte hyre inn ein tolk. Det gjer at dette tek litt tid, seier lensmannen.

Dei to russarane på 46 og 55 år og ukrainaren på 48 år er arrestert og sikta for valdsbruk.

Politiet har også gjennomført krimtekniske undersøkingar på staden.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %