Hopp til innhold

Meiner dei har løysinga for å få slutt på vegkaos

Vil ha vintersertifikat for utanlandske sjåførar.

Vogntog står fast i Nulandsbakken, E39

HIT, MEN IKKJE LENGER: Eit vanleg syn på norske vegar vinterstid. Eit utanlandsk vogntog står bom fast. Her på E39 på Sørlandet.

Foto: Erik Thime/Agder

– Dei er ikkje vande med norske forhold om vinteren. Dei må gjennom glattkøyringskurs, pålegging av kjetting og korleis ein toaksla bil fungerer på vinterføre, seier Reidar Retterholt, regionsjef Norges Lastebileier-Forbund.

Kvar vinter høyrer vi om lastebilar som står fast og sperrar norske vegar. Nokre gonger i mange timar.

Som i februar då det oppstod kø på over ei mil på Sørlandet, etter at fleire trailerar ikkje kom seg fram på glatta.

Ofte er sjåføren frå utlandet.

– Dei norske sjåførane kan dette. Dei køyrer i 20 centimeter snø og kan alt om det. Dei utanlandske har ikkje kompetansen. Vi må trene dei opp, seier han.

Blir tema på Stortinget

Arbeidarpartiet føreslo i 2014 å innføre eit eige vinterførarkort. Ingenting skjedde.

For to år sidan føreslo dei det igjen, saman med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Dei ville innføre sertifikat som mellom anna innebar glattkøyringskurs og kursing i bruk av kjetting.

Forslaget vart nedstemt i Stortinget.

– No er Ap i regjering, så no håpar eg dei innfører det. For dette treng vi, seier Retterholt.

Og han kan kanskje få ønsket sitt oppfylt.

– Vi helsar dette hjarteleg velkommen, seier Aps Kari Henriksen.

– Vi vil gå i dialog med dei som har interesser i transport og komme fram til gode løysingar på desse utfordringane, seier Henriksen.

Ho er open for at det kan vere eit eige sertifikat på vinterføre.

Vogntoghenger ute av kontroll

Norges Lastebileier-Forbund vil mellom anna innføre krav om bestått glattkøyringskurs for sjåførar som skal køyre i Noreg vinterstid.

Foto: Jan Riise Pedersen / NRK

Fekk prøve kjetting

Nyleg stod lastebileigarforbundet på Haukeli der dei informerte og kursa sjåførar i norske vinterforhold.

– Vi delte ut brosjyrar på korleis du legg på kjetting. Dei fekk også prøve å legge på kjetting. Vi ser at det er stor skilnad på kompetansen hos ein norsk sjåfør og ein utanlandsk sjåfør, seier Retterholt.

Statens vegvesen kontrollerer mange lastebilar. Dei ser mellom anna på dekk og om dei er riktig utstyrt for norske forhold.

Ofte har bilane utstyret i orden, men det er kunnskapen som manglar, ifølgje Vegvesenet.

– Mange sjåførar har ingen bakgrunn frå vinter, snø og is. Sjølv om du har riktige dekk og kjettingar, hjelper det ikkje om du aldri har brukt det før, seier Thor-Inge Kostøl i Vegvesenet.

Kjetting blir satt på dekk

KJETTING: Tunge køyretøy har som regel utstyret i orden, ifølge Vegvesenet. Men ikkje alle sjåførar veit korleis dei skal bruke det.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %