Det var elleville jubelscener i Aquarama etter at Vipers sensasjonelt slo Larvik 31-25 søndag.
I returoppgjeret tysdag kveld brukte vestfoldingane berre 19 minutt på å hente inn forspranget på seks mål frå den første kampen.
Men Nora Mørk, Anja Hammerseng Edin og Linn Kristin Riegelhuth Koren leika seg til tider med eit tamt Vipers-lag i første omgang.
God generalprøve
Larvik-laget som tapte i Kristiansand var nærast ikkje til å kjenne igjen på heimebane. Dei tetta igjen forsvaret og nekta Vipers-jentene scoring.
Dermed fekk dei ei god generalprøve føre semifinalen i Meisterligaen mot russiske Dinamo-Sinara førstkommande laurdag.
Også sørlendingane var ein skugge av seg sjølv samanlikna med innsatsen dei la ned i den første semifinalen.
Klar for finale
Nora Mørk herja med Vipers-forsvaret gjennom heile første omgang. Eit desperat forsøk på å stoppe kantspelaren med frimerke var nyttelaust. Stillinga var 21-7 til heimelaget til pause.
I andre omgang kom gjestene frå Kristiansand meir med i kampen. Sørlendingane vann faktisk andre omgang 11-10. Sørlendingane tapte til slutt med sju mål over to kampar.
Serie- og cupmeister Larvik vann til slutt kampen 31-18 og er dermed klar for finale i sluttspelet. Der møter dei anten Glassverket eller Byåsen.