NRK Meny
Normal

Larvik leika seg med Vipers

VIPERS - LARVIK 19-35 (7-17): Vipers Kristiansand var ikkje overraskande sjanselause mot landslagsstjernene i Larvik.

Susann Iren Hall (Vipers) mot Larvik

Susann Iren Hall vert stoppa av Larvik-spelarane Tonje Larsen og Alina Wojtas.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Alina Wojtas og Tonje Larsen (Larvik HK)

Alina Wojtas og superveteranen Tonje Larsen under kampen mot Vipers i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Larvik vann kampen til slutt 35-19 føre 2097 tilskodarar i Aquarama. Det er ny publikumsrekord i Aquarama.

Gjestene gjekk ut i hundre frå start og leia med seks mål allereie åtte minutt ut i eliteserieoppgjeret.

– Det er slik det blir for dei fleste lag mot Larvik. Det er synd vi ikkje klarer å vere tettare på, seier Vipers-trenar Gunnar Pettersen til NRK.

Klubben, som ikkje har tapt ein seriekamp sidan 2002, gjekk til pause med leiinga 17-7.

Sjå intervju med Vipers-trenar Gunnar Pettersen etter kampen mot Larvik.

Sjå intervju med Vipers-trenar Gunnar Pettersen.

Eitt mål på ti minutt

I andre omgang heldt Nora Mørk, Karoline Dyhre Breivang, Marit Malm Frafjord og alle dei andre landslagsstjernene fram med å køyre over Gunnar Pettersen sitt mannskap.

Vipers scora berre eitt mål på dei første ti minutta ut i andre omgang, og var aldri i nærleiken av å sikre poeng mot Larvik.

– Eg føler vi klarer å spele ein god kamp. Vi starta kjempebra, scorar mykje og set sjansane våre. Det er ein bra gjennomført kamp av oss. Dei fleste som er på bana scorar, seier Larvik-spelar Marit Malm Frafjord.

Klubben sikra kvartfinaleplass i Meisterligaen i helga, og ser ikkje ut til å la seg prege av det økonomiske rotet i klubben. Klubben må ha på plass fem millionar kroner til 20. februar for å unngå konkurs.

Tre strake tap

Vipers Kristiansand med tre strake tap i eliteserien etter stortapet for Larvik.

– Det er det som er realiteten, seier Pettersen.

– Korleis skal de komme tilbake på vinnarsporet?

– Det er ikkje noko anna å gjere enn å trene, seier han.

Larvik står med 16 sigrar av 16 moglege i eliteserien så langt denne sesongen og er på veg mot eit nytt gull.

Sjå intervju med Larvik-spelar Marit Malm Frafjord etter kampen mot Vipers Kristiansand.

Sjå intervju med Larvik-spelar Marit Malm Frafjord.

Sjå intervju med Vipers-spelar Kristine Lunde Borgersen.

Sjå intervju med Vipers-spelar Kristine Lunde Borgersen.

Intervju med Larvik-trenar Ole Gustad Gjekstad etter sigeren mot Vipers Kristiansand.

Sjå intervju med Larvik-trenar Ole Gustav Gjekstad.