Hopp til innhold

Larvik gav Vipers juling

Vipers Kristiansand vann den første sluttspelfinalen, men fekk bank i returmøtet i Bergslihallen.

Larvik - Vipers
Foto: Igor Tratkowski / NRK

Sørlendingane hadde eitt mål å gå på frå første kamp. Men i returmøtet vakna giganten frå Vestfold.

20 minutt ut i kampen leia Lervik 10-5, og lite tyda på at Vipers skulle få med seg sluttspelgullet heim igjen til Kristiansand.

Men sørlendingane kjempa seg inn igjen i kampen og låg berre tre mål bak til pause. I starten av andre omgang heldt dei fram med opphentinga, og var berre eitt mål bak tre minutt ut i omgangen.

Men då takka Larvik for følget. Den regjerande serie- og cupmeisteren segla ifrå dei rosakledde frå Kristiansand. Ti minutt før slutt leia dei med seks mål.

Larvik vann til slutt 26-20 og har dermed vunne både serie, cup og sluttspel igjen. Linn-Kristin Riegelhuth Koren var kampens store spelar med 12 mål.

Brente sjanser

– Det totale resultatet i sluttspelfinalane er greit nok. Larvik vart for gode for oss i dag, seier Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.

– Vi brenner for mange sjanser. Vi var nok for mye preget av alvoret, sier han etter tapet mot Larvik.

Tidlegare landslagsspelar Gro Hammerseng-Edin spelte sin siste kamp i karrieren. Den meritterte spelaren avslutta karrieren med to scoringar.

Dobbelt sølv

Vipers står att med sølv i både serie og sluttspel denne sesongen. Laget spelte seg også til semifinalen i cupen, der dei tapte mot Larvik.

Men mange trur neste sesong kan bli Vipers «sin». Larvik mistar spelarar som Marit Malm Frafjord, Alma Hasanic, Sanna Solberg, Sandra Toft Galsgaard og Amanda Kurtovic.

– Vi ønsker å jobbe for titlar neste sesong. Kanskje skal me og spele champions league-kamper neste sesong. Då vert det mange kampar og mykje å gjere. Målet vårt er framleis seriegull i sesongen 2018/19, seier Vipers-trenar Gabrielsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %