Hopp til innhold

Langt fleire båttjuveri i år: – Folk må låse båtane sine

Politiet på Sørlandet har registrert langt fleire båttjuveri så langt i år, samanlikna med same periode i fjor.

Illustrasjonsfoto båt

Så langt i år er det registrert 18 båttjuveri på Sørlandet. Det er 13 fleire samanlikna med same tidsrom i fjor.

Foto: Rainer Prang / NRK

Frå nyttår til 20. mai har Agder-politiet registrert 18 båttjuveri. Same periode i fjor registrerte politiet fem båttjuveri på Sørlandet.

– Auken frå i fjor er ganske betydeleg. Det er stort sett båtar som ligg på sjøen eller til kai på private brygger eller i båthamner, seier koordinator i båttenesta i Agder-politiet Miriam Stausland til NRK.

Set i verk tiltak

Berre den siste veka har politiet registrert fire båttjuveri. Alle i Kristiansand. No har politiet sett i verk tiltak for å hindre fleire båttjuveri.

– Vi prøver å få publikum med på laget i forhold til å vere observante. Så køyrer vi kontrollar i hamnene med patruljane våre, seier Stausland.

I førre veke vart tre personar arrestert og sikta for mellom anna båttjuveri.

– Det er ikkje noko grunn til å tru at det er organiserte vinningskriminelle som står bak. Det er mykje som tyder på at det er lokale kriminelle som står bak båttjuveria, seier koordinatoren.

Stausland opplyser også at dei har fleire i kikkerten som dei mistenker står bak båttjuveri. Samstundes oppfordrar dei båteigarar til å sikre båten sin.

– Lås båten din

– Vi oppfordrar folk til å låse båtane sine trass i at dei ligg i kommunale hamner der det er vakt, seier ho.

– Vi skulle gjerne ha sett at båthamnene hadde overvakingskamera og ein eller annan adgangskontroll. Men vi ser også at det er ressurskrevjande og kostar mykje, så vi har forståing for at kommunen kanskje ikkje har råd til det, seier ho.

For to år sidan vart ei rekkje båtmotorar stolne på Sørlandet. Så langt har ikkje politiet fått inn mange meldingar om stolne båtmotorar i år.

– Mykje tyder på at det var organiserte vinningskriminelle som sto bak. Vi har hatt ein nedgang der dei to siste åra. Det har ikkje vore ei utfordring i år, seier Stausland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %