NRK Meny
Normal

Lange ventelister på Nesbø si nye bok: – Det er ganske heftig

Bibliotek over heile landet har lange ventelister på Jo Nesbø si nye bok «Politi». Fleire stader må du vente i månadsvis om du skal låne boka på bibliotek.

Venteliste på Nesbø-bok

På nettsidene til Deichmanske bibliotek i Oslo står det at ventetida er 13 månader, dersom du vil låne «Politi».

Foto: Skjermdump: deich.folkebibl.no

– Det er ikkje vanleg at det er så lange ventelister. Men Jo Nesbø sine bøker har alltid vore populære, seier Walter Hovland ved biblioteket i Kristiansand til NRK.

I Kristiansand står nær hundre personar på venteliste for å låne bok eller lydbok. Det er meir enn normalt.

270 000 bøker rivne vekk

«Politi» vart lansert tidleg i juni. Allereie to dagar etter lanseringa var opplaget på 270 000 bøker utselt. På nettstaden til Deichmanske bibliotek i Oslo står det at du må vente i 13 månader for å få låne boka.

– Jo Nesbø er alltid spesiell. Det har vore bra trykk på dei andre bøkene hans, men Politi er nok litt spesiell, seier bibliotekar Kari Folvik ved Deichmanske bibliotek i Oslo.

Totalt er det 663 personar som står på venteliste for bok, medan 272 ventar på lydboka, ved Oslo-biblioteket.

– På bestseljarane er det ikkje uvanleg med eit par-tre hundre på venteliste her i Oslo. Men det er nok ekstra mange som vil lese denne boka, seier ho.

Jo Nesbø, Politi

Mange står på venteliste på bibliotek over heile landet for å låne Jo Nesbø si nye bok «Politi».

Foto: Aschehoug/Paal Audestad

Nesbø alltid populær

Også ved Bergen Offentlige Bibliotek er ventelistene lange. 436 står oppført på venteliste for boka, medan 153 ventar på lydboka.

– Det er alltid mange på venteliste når Nesbø gir ut bok, seier bibliotekar Elin Huseby.

Ved Tromsø bibliotek og byarkiv er det til saman 129 reserveringar på bok og lydbok. Ifølgje Kristian Skoglund ved biblioteket er det særs uvanleg mange.

– Det er ganske heftig. Det brukar normalt å vere kring 20–30 på lista, seier Skoglund.

Forfattarar frykta Nesbø

I januar skreiv NRK.no at fleire forfattarar vegra seg for å gi ut bok samstundes med Jo Nesbø. Rett og slett fordi han er så populær.

– Same kva du gjer, så hamnar du i skuggen av han, sa forfattar Knut Faldbakken i januar.

– Eg har diskutert med forlaget, og vi har bestemt oss for å gi ut i august i staden. Det er Jo Nesbø si skuld, sa han.

Nesbø kommenterte utspelet til Faldbakken slik i ein SMS til NRK:

«Det er då særs høfleg av dei. Men det er naturlegvis plass til fleire enn Harry. Også føre han.»