Hopp til innhold

Trafikkuhell og brann førte til køkaos

Eit trafikkuhell på E18 i Kristiansand og ein leilegheitsbrann tidlegare på dagen skapte lange køar i austgåande retning ut av byen.

Kø på E18 i Kristiansand

Det oppstod lange køar på E18 etter brann og trafikkuhell onsdag ettermiddag.

Foto: Anne Wirsching/NRK

– Folk må rett og slett vere tolmodige. Det er det einaste som hjelper, sa operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen til NRK.

Det heile starta litt over klokka 15 då det braut ut ein brann i eit leilegheitsbygg i Østerveien like ved Lundsbrua i Kristiansand.

Brannen førte til at trafikken stod stille i ein periode. Politiet opna etter kvart eitt køyrefelt.

Ein time seinare var tre bilar involvert i eit trafikkuhell ved Vollevannet på E18. Dette førte til at trafikken stod bom stille ut av byen.

Like før klokka 17.30 melde politiet at bilane var fjerna frå staden og at vegen var open igjen.

Ingen personar vart skada i ulykka. Ein person vart send til sjukehus for sjekk etter brannen i Østerveien.

Stengt E18
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %