Hopp til innhold

Landslagssjefen letta over god start

Landslagstrenar Sondre Skarli vedgår at han er letta over at dei norske skøyteløparane har levert sterke resultat i verdscupen.

Sondre Skarli

Sondre Skarli har fått ein god start som landslagssjef for dei norske skøyteløparane.

Foto: Kim Nystøl / NRK

– Det var heilt utruleg deilig med sigeren fredag. Det var ei gedigen oppleving og eg er heilt strålande nøgd med det, seier Skarli til NRK.

Sverre Lunde Pedersen

Sverre Lunde Pedersen gjekk til topps på 1500 meter i verdscupen fredag.

Foto: GIAMPIERO SPOSITO / Reuters
ida

Ida Njåtun har fått ein god start på sesongen.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

28-åringen frå Dølemo i Aust-Agder er inne i sin første sesong som landslagssjef for dei norske skøyteløparane.

Første siger sidan 2011

Fredag såg han Sverre Lunde Pedersen gå inn til Norges første internasjonale siger på skøyter sidan 2011. Lunde Pedersen vann 1500 meteren i Seoul i Sør-Korea.

– Laget har prestert veldig godt så langt. Ida Njåtun har 4. plass på 1500 meter to helgar på rad, og har stabilisert seg på eit høgre nivå enn tidlegare, seier han.

Skarli dreg også fram Espen Aarnes Hvammen som har levert sterke prestasjonar på 500 meter.

– Det er alltid gøy når det går bra. Eg veit vi har trent veldig godt i sommar. Vi har gjort mykje bra og eg har sett løparane utvikle seg. Det er alltid ein lettelse å sjå at dei får ut sitt potensial i løp også, seier landslagssjefen.

Møter kritikken med resultat

Skarli vart møtt med kritiske røyster då han vart tilsett som ny landslagssjef i mai. NRKs skøyteekspert var ein av kritikarane.

– Sondre Skarli er ein mann som har tillit, men som manglar erfaring. Det gjer det til ein stor risiko å tilsetje han, sa Wetten.

Skarli vedgår at det er godt å slå tilbake med gode resultat.

– Det er veldig godt. Kritikken gjekk ikkje så mykje innover meg. Eg visste eg hadde tillit hos løparane. Det er uhyre viktig i ein slik posisjon. Elles hadde eg aldri teke jobben, seier han.

– Eg var trygg på min eigen kompetanse og følte eg hadde noko å tilføre. Vi ser no at det har gått veldig bra. Det er moro å sjå resultata av det, seier sørlendingen.

Måndag set Skarli kursen mot Sørlandet og nokre rolege dagar før verdscupsirkuset held fram i Berlin i Tyskland første helga i desember.

– Det skal bli deilig. Det blir nok ein tur heim til Dølemo i helga. Det ser eg fram til, seier han.

Se Sverre Lunde Pedersens 1500 meter løp på skøyter

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %