Hopp til innhold

Landslaget føl keeperhelten

Kenneth Høie var funne for veik til landslagstroppen mot Kypros og Kroatia, men vert fulgt tett av landslagsleiinga.

Video Landslaget følger Høie

I FORM: Start-keeper Kenneth Høie leverte ein solid kamp mot Hønefoss. Keepertrenar Erik Ruthford Pedersen avslørar av landslagsleiinga held auge med keeperen.

– Eg veit at både Ola By Rise og Frode Grodås har hand om dette. Dei får stå for dei keeperane dei har teke ut. Eg trur dei veit at Kenneth er rett bak, seier keepertrenar i Start, Erik Ruthford Pedersen til NRK.no.

LES OGSÅ: Verdensklasse

Landslagssjef Egil Olsen tok ut Rune Almenning Jarstein (Viking), Espen Bugge Pettersen (Molde) og Jon Knudsen (Stabæk) i landslagstroppen i dag.

Klasseredningar

I gårsdagens kamp mot Hønefoss varta Høie opp med den eine klasseredninga etter den andre og sikra eitt poeng for sørlendingane.

– Tilbakemeldingane frå landslagsleiinga er enkle. Det må vere gode prestasjonar over tid. Så ein slik kamp som i går kjem som ein fantastisk bouns. Der viser han kor god han er, seier keepertrenaren.

Måla har rent inn bak Kenneth Høie denne sesongen. Start har sluppe inn heile 49 mål på 25 kampar. Det kan ikkje Høie skuldast for, meiner keepertrenaren.

Erik Ruthford Pedersen

Keepertrenar Erik Ruthford Pedersen

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er ikkje keeperen sitt ansvar aleine. Vi har eit defensivt spel som er annleis enn vårt gode offensive spel. Vi har sluppe inn ein del mål. Kanskje vert det brukt mot han, men det burde det absolutt ikkje. Han har vore meir enn god nok, seier Ruthford Pedersen.

Prestasjonar over tid

Hovudpersonen sjølv er ikkje overraska over at han ikkje vart funne god nok til landslagstroppen.

– Nei, det var ikkje noko overrasking det. Eg tykkjer dei tre har gjort det bra. Du går verken inn eller ut av landslaget på ein kamp. Det var ikkje noko sjokk for meg å ikkje bli teken ut, seier Høie.

Sjølv er Start-keeperen klar på kva som er det viktigaste for å nå landslaget.

– Prestasjon over tid er den største faktoren. Det er berre ein ting å gjere. Det er å jobbe på vidare, seier Høie.

Kenneth Høie i aksjon

KLASSEREDNINGAR: Kenneth Høie la inn ein solid søknad om landslagsplass mot Hønefoss.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Ingen snarveg

For han legg ikkje skjul på at han har eit stort ynskje om å spele med det norske flagget på brystet.

– Eg trur alle som spelar i eliteserien ynskjer å vere med å bidra der. Men det fins ingen snarveg, det er berre å jobbe på, seier han.

Og om gårsdagens 0-0 kamp mot Hønefoss, har han følgjande å seie:

– Det var i overkant mykje å gjere, men det gjekk bra for min del. Vi fekk med oss eitt poeng og det var deilig å halde nullen igjen, for det var lenge sidan, avsluttar keeperen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %