Hopp til innhold

Landskamp til Sør Amfi

Dei norske handballherrane skal spele den siste EM-kvalifiseringskampen mot Litauen i Sør Amfi i Arendal. Kampen kan bli avgjerande for om Norge kjem seg til EM i Danmark i 2014.

ØIF får landskamp

LANDSKAMP: Laila Øygarden og Per Carsten Michaelsen jublar for landskamp i Sør Amfi.

Foto: Svein Sundsdal/NRK - Sander Heggheim/NRK

Kampen skal spelast 15. eller 16. juni. Dermed får det sørlandske handballpublikummet moglegheit til å sjå ØIF-spelarar som Sondre Paulsen og Svenn Erik Medhus med flagget på brystet i Sør Amfi, dersom dei vert uttekne.

No må klubben skaffe pengar til å utvide tribunekapasiteten i Sør Amfi, for å tilfredsstille krava frå handballforbundet.

Må ha 3000 sitjeplassar

– Forbundet krev 3000 plassar. Vi har 2200, seier Per Carsten Michaelsen i ØIF Arendal til NRK.no.

Klubben har allereie vore i møte med fylkesordføraren i Aust-Agder og Arendal kommune, som begge vil stille med pengar for å få landskampen i boks.

– Dei er positive, men det er trongt med pengar. Vi prøver å finne 100 000 kroner for å dele på utgiftene som tribunen kostar, seier han.

ØIF Arendal er eitt av dei store publikumslaga i eliteserien i handball så langt denne sesongen.

– Dette må vere ei stor fjør i hatten for Arendal og spesielt ØIF som skal arrangere kampen. Vi har ein veldig profesjonell stab og vi har 2000 tilskodarar i snitt på heimekampane. Dette blir moro, seier Michaelsen.

Dei norske handballherrane skal spele den siste EM-kvalifiseringskampen mot Litauen i Sør Amfi i Arendal. Kampen kan bli avgjerande for om Norge kjem seg til EM i Danmark i 2014.

VIDEO: Kurt Eckholt i ØIF Arendal jubler for landskampen i splitter nye Sør Amfi.

– Vi er veldig kry

Styreleiar i ØIF Arendal, Laila Øygarden, meiner at ein landskamp vil bety mykje for både klubben og byen.

– Vi er veldig kry for at dei har spurt oss. Det viser at Sør Amfi verkeleg held mål og at vi har den staben som skal til av frivillige til å arrangere kampen, seier Øygarden til NRK.no.

– Dette vil bety mykje for alle som driv med handball. Dei vil sjå kva nivå dei skal opp på og det vil stimulere alle til å trene meir for å nå måla sine. I tillegg blir Arendal som by profilert. Dette er heilt topp, seier styreleiaren.

Ifølgje ØIF Arendal vil handballforbundet bestemme at kampen skal gå Sør Amfi i løpet helga.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %