NRK Meny
Normal

Landskamp gir ny publikumsrekord

EM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Litauen i handball er snart utselt. Det betyr over 3000 tilskodarar og publikumsrekord i Sør Amfi i Arendal laurdag.

Sør Amfi, Arendal

Tribunane i Sør Amfi blir fulle i landskampen mellom Norge og Litauen laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det byrjar å nærme seg full hall. Det er framleis nokre billettar att, men det kjem nok til å bli fullt, seier Per Carsten Michelsen i arrangørstaben frå ØIF Arendal.

Det er eliteserieklubben som må stille med folk for å få gjennomført kampen i Arendal.

Så langt er kring 80 prosent av billettane til EM-kvalifiseringskampen selde. Det er mellom anna sett opp ei ekstra tribune til landskampen. Den gamle publikumsrekord en i Sør Amfi er på 2800 tilskodarar.

Sikra EM-plass

– Sjølv om det hadde vore ein treningskamp trur eg vi hadde klart å fylle hallen. Interessa er stor for å sjå profilane på landslaget, seier Michelsen til NRK.

Norge er allereie sikra EM-plass etter at laget slo Tyrkia på bortebane onsdag. Likevel blir det altså fullt hus i den siste kampen i EM-kvalifiseringa. EM-sluttspelet går i Danmark til vinteren.

Med på det norske landslaget er Sondre Paulsen frå Arendal. Kantspelaren har vore sentral på ØIF Arendal i eliteserien dei siste åra.

– Vi vil gjerne ha lokale gutar og er veldig glade for at han har fått sjansen på landslaget. Han gjorde brukbart mot Tyrkia og eg trur han vil dra nokre hundre tilskodarar ekstra, seier han.

Laurdag vil det vere kring 100 funksjonærar i sving for å ta hand om rundt 3000 publikummarar på tribunane.

Per Carsten Michelsen

Per Carsten Michelsen trur på fulle tribunar laurdag. Her er han saman med fleire i arrangørstaben ved ein eliteseriekamp tidlegare i år.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vil ha fleire landskampar

– Vi er vel rundt 20 personar ekstra enn vi plar vere i samband med eliteseriekampane til ØIF Arendal. Det er mellom anna meir vakthald og fleire avsperringar på ein landskamp. Difor treng vi fleire frivillege, seier han.

Michelsen meiner det er viktig for sørlandshandballen å få ein landskamp til Agder.

– Handballinteressa på Sørlandet er aukande. Det hjelper å få ein landskamp. Vi vil gjerne ha fleire, men det er nok mange arrangørar i Norge som kjempar om å få landskampane, seier han.