NRK Meny
Normal

Lamaer og kamelar på rømmen

Fire kamelar og to lamaer rømte frå Sirkus Arnardo i Vågsbygd i Kristiansand.

Lamaer på tur i Kristiansand

To lamaer i rundkøyring i Vågsbygd i Kristiansand.

Foto: Jo Atle Johansen

Dyra vekte oppsikt der dei sprang mellom bilar midt i trafikken i Vågsbygd i Kristiansand søndag føremiddag.

– Det var det siste eg venta å sjå. Vi skjønte ikkje heilt kva det var med det første. Vi såg blålys lengre nede i bakken. Plutseleg kom ein lama opp bakken. Politiet køyrde etter med blålys, seier Mairi Macdonald til NRK.

Trudde det var hundar

Sirkus Arnardo hadde førestilling like ved Vågsbygd kirke laurdag. Dei seks dyra tok seg like godt ein søndagstur dagen etter førestilling.

– Eg trudde først det var hundar, men så var dei så store der dei stod i rundkøyringa med politiet hakk i hæl, seier Jo Atle Johansen som rakk å ta bilete av lamaene.

Like før klokka 12 melde operasjonssentralen i Agder-politiet at nokre dyr i vegen kunne vere til hinder for trafikken.

Seinare melde dei at eigaren hadde teke hand om dyra.

Fire kamelar og to lamaer rømte frå Sirkus Arnardo i Vågsbygd i Kristiansand.

Denne videoen viser to lamaer midt i vegen i Vågsbygd i Kristiansand. Foto: Mairi Macdonald.

Braut seg ut

Sirkuset har ikkje lov til å binde dyra fast. Truleg har eitt av dyra komme borti straumgjerde som har falle ned, slik at det var strak veg ut i det fri.

– Det er alltid grønare på den andre sida av gjerdet. Dei var nok litt desorienterte og gjekk nedover vegen. Men dei var fine og rolege då vi fekk tak i dei, seier dagleg leiar Are Arnardo til NRK.

– Det er vel ikkje vanleg å sjå slikt her i Vågsbygd på ein vanleg søndag, seier han.

Arnardo seier at dei av og til opplever at dyra bryt seg ut i starten av sirkussesongen.

– Desse dyra er ikkje farlege. Dei er vande med folk, og bilistane var merksame då dei såg dei. Så det gjekk heldigvis bra, seier han.

Kamelene på plass

Kamelane og lamaene er no på plass på sirkusområdet igjen.

Foto: Thomas Sommerset / NRK