15. august opnar utstillinga hennar som har fått namnet «PUBLIC ENEMY», skriv Aftenposten.
Sjølvlaga tøyvesker
Ifølgje ei pressemelding avisa refererer til, er utstillinga inspirert av Bertheussen sine eigne erfaringar frå politiet og søkjelyset til media, dommen mot henne og soninga i fengselet på Bredtveit.
Under rettssaka mot Laila Anita Bertheussen dukka ho opp med eigenlaga tøyvesker med tekst og symbol. Bertheussen har halde fram med syinga i fengsel.
Bertheussen stilte stadig med nye vesker med ulike motiv og påskrifter under rettssaka.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBLaila Bertheussen stilte med fleire eigenlaga vesker under rettssaka mot henne hausten 2020.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBKunstnarisk leiar for prosjektet, Morten Traavik, seier at Bertheussen førebels ikkje vil snakke med pressa. Ho har likevel delt ei fråsegn i samband med pressemeldinga. Der seier ho mellom anna:
«Snart er eg ferdigsona, alle lenkjer er av og kven veit kva som då vil skje».
Gamle og nye verk
Ifølgje Traavik får ein i utstillinga under Arendalsuka mellom anna sjå gamle og nye vesker. I tillegg skal utstillinga innehalde ny grafikk, måleri og mixed-media-installasjoner.
Det er førebels ikkje avgjort om Bertheussen sjølv vil vere til stades under utstillinga.
Ein av Laila Bertheussens vesker som ho viste fram under rettssaka.
Foto: Olav Døvik / NRK
Dømd til fengsel
Laila Bertheussen vart dømd til eitt år og åtte månaders fengsel for åtte tilfelle av truslar mot sin dåverande sambuar og justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), hans partifelle og regjeringskollega samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde og ektemannen hennar, stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde (Frp).
Laila Bertheussen under domsavseiinga i Oslo tingrett.
Foto: Esther Bjørneboe / NRK