Laget som aldri gjer opp: – Vi elskar å vinne og hatar å tape

Jerv sin sesong er allereie eit eventyr. Men klubben kan krone ein fantastisk sesong med opprykk til eliteserien. Mykje takka vere ein fantastisk lagmoral.

FK Jerv

Jerv-spelarane takkar publikum etter 1–1 mot Start.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Vi er eit lag som aldri gjer opp. Vi har veldig tru på oss sjølve, spelestilen vår og enkeltspelarar. Vi veit at det berre er å køyre på og ikkje gje opp. Målet kjem til slutt, seier Jerv-spelar Ohi Omoijuanfo til NRK.

Det starta 1. november på Levermyr stadion. Jerv måtte score eitt mål for å sikre kvalifiseringsplass i 1. divisjon.

Overtidsscoringar

Fem og eit halvt minutt på overtid kom scoringa som gjorde at laget sikra 5.-plassen i divisjonen og dermed kvalifiseringsspel.

I den første kvalifiseringskampen mot Hødd i Ullsteinvik såg Jerv ut til å ryke ut. Hødd tok leiinga mot slutten av første omgang.

Jerv produserte fleire sjansar, og fekk målet heile Grimstad håpa på. På overtid var det Ohi som scora. Jerv vann straffesparkkonkurransen og skulle møte Kristiansund i kvalikfinale.

Også det vart ein spennande kamp som kunne bikka begge vegar. Men igjen var det Jerv som trekte det lengste strået.

Alexander Lind hadde berre eitt mål på kontoen i haustsesongen, men scora det viktige 1–0 målet fem minutt før slutt. På overtid putta han sitt andre og sikra med det to kvalifiseringskampar mot Start.

Ohi etter Jerv-Start

Sjå intervju med Ohi Omoijuanfo.

– Elskar å vinne, hatar å tape

Og historia skulle gjenta seg endå ein gong. Start tok leiinga tidleg i første omgang. Jerv pressa og pressa. Tre minutt før slutt utlikna Ohi til 1–1 og sikra dermed skikkeleg spenning før returmøtet i Kristiansand onsdag.

– Det er ikkje vits i å gje opp. Kampen varer i 90 minutt. Vi kan score mål når som helst, seier trenar Steinar Pedersen.

– Er 1–1 eit godt resultat?

– Nja. Det er det resultatet vi har. Det gjer i alle fall berre å score eitt mål meir enn dei onsdag, seier Pedersen.

Ohi Omoijuanfo har tru på at laget kan slå Start på Sør Arena.

– Vi elskar å vinne og hatar å tape. Vi skal ta dette, seier han.

Jerv-trener Steinar Pedersen

Sjå intervju med Jerv-trenar Steinar Pedersen.