NRK Meny
Normal

La feil vegstriper i tre fylke

Etter eitt år oppdaga Statens vegvesen at den gule vegoppmerkinga ikkje tilfredsstilte krava. Då var den allereie brukt i både Telemark og begge Agder-fylka.

Etter eitt år oppdaga Statens vegvesen at den gule vegoppmerkinga ikkje tilfredsstilte krava. Då var den allereie brukt i både Telemark og begge Agder-fylka.

Mellom 200 og 300 kilometer veg har fått feil gulfarge på midtstripa i tre fylke.

– Det er lagt vegoppmerking for rundt fem millionar kroner. Men fargen på den gule vegoppmerkinga tilfredsstiller ikkje krava vi har stilt, seier Jens Kasper Lofthaug frå Statens vegvesen Region sør.

Det var i 2013 at vegmerkefirmaet Visafo fekk oppdraget med vegoppmerkinga i dei tre fylka. Først etter eitt år blei feilen oppdaga.

– Då vegoppmerkinga var ny oppdaga vi ingen feil. Problemet er at fargen ikkje held den avtalte kvaliteten eitt år etter den er lagt.

Handlar om konkurransevriding

Feilen i vegoppmerkinga er derimot ikkje trafikkfarleg, og bilistar vil ikkje registrere feilen.

Statens vegvesen har no reklamert og kravd prisavslag frå Visafo. Ifølgje Lofthaug handlar det både om det store omfanget og om konkurransevriding.

– Når det gjeld vegoppmerking så er det fleire som legg inn tilbod, og det er klart at når vi får eit avvik i eit i forholdsvis stort volum, så må vi reagere med tanke på at det ikkje skal bli konkurransevriding.

Dette fordi det ikkje skal gå ut over aktørar som kunne levert til forventningane.

– Dei som leverer eit produkt som tilfredsstiller skal ikkje tape i forhold til dei som leverer eit produkt som har avvik. Den viktigaste sida ved denne saka er at ein skal unngå konkurransevriding i utlysinga av vegoppmerkingskontrakter.

Jens Kasper Lofthaug

Seksjonsleiar for asfalt og vegoppmerking ved Statens vegvesen, Jens Kasper Lofthaug, seier at det har vore uoverensstemmelsar mellom dei og entreprenørane.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Blir ikkje endra

Lofthaug viser til at entreprenøren må forklare kva den konkrete feilen med vegoppmerkinga er.

– Men det handlar om kva produkt dei har brukt, og om det har blitt lagt på slik det skal.

Til trass for feilen, skal den ikkje rettast opp i.

– Sidan det er snakk om eit forholdsvis marginalt avvik blir det ikkje retta opp i.

Vil ikkje uttale seg

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar i Visafo, Kjell Bohnhorst, som seier at dei ikkje vil uttale seg før saka er ferdig behandla.

Bedrifta er totallerandør av vegmerking i Norge og Sverige, har 50 tilsette og hovudkontor i Bergen.

I ein mail 4. februar i år formidla Bohnhorst til Statens vegvesen at Visafo var villige til å gå med på eit økonomisk oppgjer.

Statens vegvesen ville ha eit noko høgare oppgjer enn det Visafo foreslo. Lofthaug fortel at samarbeidet har budd på utfordringar.

– Det er ikkje til å stikke under ein stol at det har vore ein del uoverensstemmelsar.