NRK Meny
Normal

Kystnær skisuksess

Stabile vintrar gjer at pågangen hos dei meir kystnære skisentra er stor. På Bortelid i Åseral er det sett opp 130 nye hytter dei siste to åra.

Video Hytteutbygging på Bortelid

– Det verkar som om det er mykje byggjing her. Snakkarane har mykje å gjere. Det har vore mykje snø her dei siste to åra, så folk er vel ute etter ein stabil vinter, trur tømrar Terje Forgard.

Gode forhold

Tusse Kjetså

Tusse Kjetså

Foto: Leif Dalen/NRK

Gode skiforhold kombinert med kort avstand til kystbyane er ei av årsakene til at etterspurnaden etter hytter blir stadig større på Bortelid.

– For oss som bur i Mandal er det ein grei tur opp her kontra det å reise heilt opp til Hovden, seier Morten Thomassen til NRK.no.

Snakkarane like ved skibakken er i full gang, og hyttelandsbyen veks seg stadig større.

Må ha full klaff

– Vi har aldri opna anlegget så tidleg som i år. Vi har fem skitrekk oppe, seier Tusse Kjetså som er driftssjef ved Bortelid skisenter.

– Kor mykje har vinteren å seie for at de skal ha bra med etterspurnad her?

– Det betyr alt. Vi har, etter målestokk, eit lite anlegg. Då er vi avhengig av full klaff frå naturen si side, både når det gjeld kulde og natursnø. Så det betyr alt, seier Kjetså.