Kvinne funnen hardt skadd i hus - mann pågripen

Ei kvinne er send til sjukehus etter å ha blitt funnen hardt skadd i eit hus på Kystveien i Arendal. Ein mann i 30-åra er pågripen.

Kvinne funnen hardt skadd i Arendal

Fleire politibilar og ambulansar rykte ut til eit hus på Kystveien i Arendal etter melding om at ei kvinne var funnen hardt skadd.

Foto: Jon Gelius / NRK

– Vi har arrestert ein person som er mistenkt. Denne personen har ein viss relasjon til den skadde kvinna. Vi jobbar no med å finne ut kva rolle han har i samband med denne saka, seier avsnittsleiar Halvor Øymoen ved Arendal politistasjon til NRK.

Mannen i 30-åra vart pågripen natt til torsdag. Både kvinna og mannen er kjent for politiet frå før.

Politiet opplyser også at dei har komme i kontakt med ein annan person dei trur kan ha opplysningar i saka. Han vil bli avhøyrt torsdag.

Politi med hund krysser vei i Arendal

Politiet leita etter ein antatt gjerningsperson etter at ei kvinne vart funnen skadd i ei leilegheit i Arendal. Natt til torsdag vart ein mann pågripen.

Foto: Jon Gelius / NRK

Beslagla gjenstand

Politiet stadfesta onsdag at det hadde vore ein valdsepisode inne i huset, og at ei kvinne var skadd.

– Det har vore ein valdsepisode der det truleg har blitt brukt ein gjenstand. Kva gjenstand som er brukt er for tidleg å seie noko om no, sa operasjonsleiar Hans Waage i Agder politidistrikt.

Etter det NRK forstår er det gjort beslag av ein gjenstand.

Kvinna er ikkje livstrugande skadd, men politiet vil førebels ikkje seie noko om tilstanden hennar.

– Men den er såpass at vi kan kommunisere med henne slik at vi får ei førebels forklaring, seier Waage.

Politiet skal i løpet av torsdagen avhøyre fleire vitne i saka.

Reagerte på høglydte rop

Ifølgje Agderposten er kvinna i 50-åra.

Ho får behandling på sjukehuset i Arendal.

Naboar skal ha reagert på høglydte rop i timane før hendinga skjedde.

Politiet leitar etter ein antatt gjerningsperson i området. Det blir brukt hund i søket. Dei avhøyrer også vitne på staden.

Leitar etter gjerningsperson

Politiet vart varsla like over klokka 16 onsdag. I fleire timar seinare dreiv politiet framleis søk etter ein antatt gjerningsperson.

– Vi driv søk og vi driv taktisk etterforsking for å prøve å finne ut kven som kan stå bak, seier Waage.

Natt til torsdag vart altså ein mann pågripen.

NRK fekk først opplyst at kvinna skulle vere stukken med kniv. Politiet har seinare tilbakevist dette.

Kvinne funnen hardt skadd i Arendal

Politiet inne i huset der kvinna vart funne skadd.

Foto: Jon Gelius / NRK