19-åring fall opp mot 50 meter frå fjelltopp

Ei kvinne fall truleg mellom 40 og 50 meter frå ein fjelltopp på Hovden i Setesdal. Kvinna får no behandling på Oslo universitetssykehus.

Kvinna vart henta ned frå fjellsida med helikopter. Foto: Lars Gunnar Retterholt.

Ifølgje Fædrelandsvennen kjem 19-åringen frå det utan varige mein. Tenåringen frå Kristiansand ligg på sjukehus med hjerneristing og to knekte ribbein, ifølgje avisa.

– Det er antyda at ho har falle mellom 40 og 50 meter, men det er vanskeleg å stadfeste nøyaktig høgde, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Geir Andersen til NRK.

Det vart slått full alarm ved 15-tida torsdag ettermiddag då det tikka inn melding om ei fallulykke på fjellet Hovdenuten på Hovden.

Kvinna, som er i slutten av tenåra, gjekk i eit turfølgje på ski før fallulykka skjedde.

– Men på tidspunktet då ho fall var ho aleine, seier operasjonsleiaren.

Fallulykke Hovdenut

Både politi, ambulanse, Røde Kors, Fjellredningsgruppe og legehelikopter deltok i arbeidet med å hente kvinna ned frå fjellet.

Foto: Lars Gunnar Retterholt

Hadde hjelm og ryggskinne

Tilstanden til tenåringen frå Kristiansand er førebels ikkje kjend.

– Ho er flydd til sjukehus i Oslo med uavklarte skader, men var bevisst då ho vart flydd, seier han.

Arild Isaksen, som var ein av dei første på ulykkesstaden, seier han frykta det verste.

– Ho fall ikkje rett ned, men kast i kast langs fjellsida med armar og bein. For å vere ærleg, trudde eg ikkje ho hadde overlevd, seier han til Fædrelandsvennen.

– Ifølgje redningsmannskapa var ho iført hjelm og ryggskinne. Det har truleg berga ho frå meir alvorlege skader, seier Geir Andersen i politiet.

Ulykkesstad Hovdenuten, Hovden

Det var i dette området jenta vart funne.

Foto: Lars Gunnar Retterholt

106 oppdrag

Sett bort ifrå hendinga på Hovden har det ikkje vore mange alvorlege skader i påske-Norge.

– Vi er positivt overraska over at det ikkje har vore meir å gjere, seier Kenneth Gulbrandsøy som er nestleiar i landsrådet i Røde Kors Hjelpekorps til NTB.

– Vi har registrert 106 skader i dag, noko som er heilt gjennomsnittleg samanlikna med tidlegare skjærtorsdagar, seier han.

Også onsdag var ein roleg dag for Røde Kors.