NRK Meny
Normal

Kvinne (20) drepen i Kristiansand

Ein 21 år gammal mann er arrestert og sikta for drapet på ei 20 år gammal kvinne.

Kvinne drepen i Kristiansand

DRAP: Kriminalteknikarar dreiv undersøkjingar i leilegheita søndag morgon.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ole Hortemo

Ole Hortemo

Foto: Sander Heggheim/NRK
Drap i Kristiansand

Kvinna vart funne død i tredje etasje.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Drapet skjedde i ei leilegheit i eit hybelbygg i Østerveien i Kristiansand.

AMK varsla politiet om drapet klokka 03.05. Arrestasjonen skjedde ein time seinare utandørs ein annan stad i byen.

Væpna politi

– Pågripinga vart gjennomført med væpna politi. I samband med pågripinga skada den sikta seg sjølv. Difor vart han køyrd til sjukehus, der han framleis er, seier politistasjonssjef i Kristiansand, Ole Hortemo til NRK.no.

Mannen skal vere alvorleg, men ikkje livstrugande skada. 21-åringen er så langt ikkje avhøyrt på grunn av at han ligg på sjukehus.

Politiet er no i full gang med å etterforske drapet.

I gang med etterforsking

– Vi har kriminalteknikarar på åstaden og vi har etterforskarar som føl opp med avhøyr og undersøkjingar elles, seier han.

Kvinna budde ikkje i leiligheita, og det er uklart korleis kvinna vart drepen.

– Det vil vi ikkje seie noko om på noverande tidspunkt, seier Hortemo.

Det skal ikkje har vore vitne til drapet.

Uklar relasjon

Politiet vil ikkje seie noko om kva relasjon dei to har. Dei vil heller ikkje seie noko om den sikta 21-åringen.

– Vi kommenterer ikkje meir rundt den sikta, seier Hortemo.

Politiet er no i ferd med å sjekke kven som varsla AMK om drapet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.