NRK Meny
Normal

Kvalifiseringskampen går som planlagt

På grunn av is på grasmatta på Levermyr stadion stod kvalifiseringskampen mellom Jerv og Start i fare for å bli utsett.

Vinterlig kampforberedelser

Geir Øynes i Jerv-styret og sssisterande banemeister Tor-Willy Kylland prøvar å gjere bana klar til kamp.

Foto: Miriam Grov / NRK

– Det er i grenseland spør du meg, sa assisterande banemeister Tor-Willy Kylland i Grimstad kommune til NRK laurdag morgon.

Men dommar Trygve Kjensli bestemte at kampen skal gå som planlagt klokka 12 då han gjennomførte baneinspeksjonen sin før kampstart.

Tidlegare denne veka gjorde kraftig regn at grasmatta vart fylt med vatn. Dei siste to dagane har gradestokken vist minusgrader. Dermed har vatnet blitt til is.

Is rundt 16-meteren

Då banemannskapa kom på stadion laurdag morgon vart dei møtt av ei isete bane.

– Det er veldig isete på utsida av 16-meteren på den eine sida. No hakkar vi ned litt slik at sola forhåpentlegvis mjuknar det opp, sa Kylland.

– Kva kan de gjere om bana ikkje er klar til klokka 12?

– Mitt tips er å utsette kampen ein times tid til det kanskje mjuknar opp endå meir, sidan det ikkje er snakk om ekstraomgangar i dag, sa han.

Levermyr stadion

Levermyr stadion laurdag morgon.

Foto: Miriam Grov / NRK