Kurtovic: – Vi har meir å gå på

Førre helg sjokkerte dei gullfavoritt Elverum på heimebane. Trenar Marinko Kurtovic meiner likevel at ØIF Arendal har fleire gir på lur før møtet med Fyllingen.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

Andre Jørgensen Hofstøl spelte ein god kamp mot Elverum førre helg.

Foto: NRK Sorlandet

– Eg er veldig oppteken av at ein nullstiller seg raskt etter ein slik kamp, og ser fram mot neste. Gutane har teke seg saman og har verkeleg hatt fokus på Fyllingen-kampen, seier Kurtovic til NRK.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic har hatt fokus på det defensive spelet før møtet med Fyllingen laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Arendalittane leverte spel av ypparste klasse då dei slo Elverum på heimebane førre helg.

Eliteserieklubben gjekk ut i eit forrykande tempo og sjokkerte gullfavorittane frå Hedmark. Dei vann til slutt 25–23 føre kring 1800 tilskodarar.

Fokus på forsvarsspel

Laurdag ventar ei tøff utfordring i Fyllingen på bortebane.

Bergensarane opna sesongen med å slå regjerande seriemeister Haslum på heimebane. I førre serierunde slo dei fjorårets bronsevinnar Bækkelaget på bortebane.

– Dei har spelt to gode kampar og har spelt på seg god sjølvtillit. Fyllingen borte er alltid vanskeleg. Vi har fokus på forsvarsspelet vårt. I tillegg må kontringane sitje for at vi skal få med oss poeng frå Bergen, seier Kurtovic.

I første omgang mot Elverum fungerte «alt» for sørlendingane. I andre omgang fall prestasjonane og hedmarkingane kjempa seg inn igjen i kampen.

– Meir å gå på

– Vi har analysert Elverum-kampen. Det som er irriterande er vi har ein del meir å gå på. Vi gjer kampen jamnare enn vi skal, seier Kurtovic.

ØIF Arendal opna sesongen med tap borte mot Bodø. Laget ligg på 5. plass med to poeng etter dei to første kampane i eliteserien.

Fyllingen er motstandar igjen også førstkommande torsdag i cupen. Den kampen vart spelt i Arendal. Fyllingen har vunne cupen dei to siste åra.