Hopp til innhold

Kurtovic vil ta skjegget til Runar-trenaren

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic utfordrar Runar-trenaren til veddemål før seriefinalen onsdag.

Johan Zanotti

Johan Zanotti vil ikkje gå med på veddemålet.

Foto: Privat

– Dersom Runar vinn skal eg lufte hunden så ofte eg får beskjed om. Dersom vi vinn skal Kenny Ekmann og eg barbere bort heile skjegget til Zanotti like etter kampen føre Svermen, seier Kurtovic til klubben sine nettsider.

Marinko Kurtovic

ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

ØIF Arendal kan ta sitt første gull i eliteserien dersom dei slår Runar på bortebane onsdag.

– Som ein nervøs hund

Dei to trenarane jobbar saman på Wang Toppidrettsgymnas og kjenner kvarandre godt, og køyrer også saman til jobb.

Tidlegare har Zanotti samanlikna Kurtovic med ein nervøs hund før skjebnekampen i Runarhallen. Kommentaren kom etter at Kurtovic sa at Zanotti var ein skugge av seg sjølv etter ein svak sesong.

– Marinko er ingen komplett trenar. Han er god til å trene spelarane til å springe, men den spelemessige forståinga hans er ikkje på mitt nivå. Han blir også veldig nervøs under press, sa Zanotti til ØIF sine nettsider tidlegare denne veka.

– Eg vil berre minne om eit gammalt skånsk ordtak. «Angrep er det beste forsvar». Men den argumentasjonen han kom med mot meg og mine gutar, lir preg av angst og redsle for at gullet skal ryke. Han er veldig nervøs og det med god grunn, sa Runar-trenaren med eit glimt i auget.

Zanotti seier nei

Men den svenske Runar-trenaren vil ikkje gå med på veddemålet Kurtovic har invitert til.

Til det er han alt for glad i skjegget og hunden sin.

– Hunden min er allergisk mot Marinko sin parfyme. Han tåler ikkje hans old spice. Marinko må nok komme opp med noko betre om eg skal gå med på det, seier Zanotti.

– Zanotti har ikkje «attityd». Difor ligg Runar der dei ligg på tabellen, seier Kurtovic.

Runar ligg på 7. plass på tabellen.

Kampen i Runarhallen startar klokka 18 onsdag.

Se magasin med ØIF Arendal før serieavslutningen mot Runar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %