Hopp til innhold

Publikum avgjer kven av desse som får ein kasse vin

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic og sportsleg leiar Per Carsten Michelsen har vedda ei kasse vin på kor mange tilskodarar som møter opp til første heimekamp.

Marinko Kurtovic og Per Carsten Michelsen

ØIF-trenar Marinko Kurtovic og sportsleg leiar Per Carsten Michelsen har vedda.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kurtovic tippar at det kjem 2150 tilskodarar i hallen når ØIF møter Elverum søndag. Per Carsten Michelsen tippar 1650 tilskodarar.

– Eg er jo optimist, men eg kjenner publikum i Arendal. Hadde vi vunne i Bodø så hadde vi kanskje bikka 2000, seier Michelsen.

Offensiv handball

Arendalittane tapte 24-26 i serieopninga borte mot Bodø onsdag. Michelsen merkar at det er stor interesse rundt laget.

– Årsaka til det trur eg er at vi har gjort det bra i oppkøyringa. I tillegg har vi fått inn nye profilar i laget, som har gjort det bra, seier Michelsen og peikar mellom anna på Magnus Jøndal og svenske Markus Dahlin.

– Eg håpar vi kan levere handball som heimepublikummet ikkje har sett før. Vi spelar ein annan type handball og er meir offensiv no. Heimekampane skal vi vinne, sier Michelsen.

Solid opning av Elverum

Michelsen trur også at publikum er nysgjerrige på den nye trenaren.

– Marinko er ein veldig tydeleg lagleiar. Gutane for ofte som hatten passar, men i beste meining. Den kombinasjonen er ei fin oppleving, seier han.

Elverum starta sesongen med å knuse Bækkelaget 31-19 på heimebane.

– La oss håpe at dei har veldig god sjølvtillit og vurderer seg som veldig gode. Eg veit at Bækkelaget mangla fem sentrale spelarar med skade. Men det er klart at å slå dei med så mange mål er overbevisande, seier han.

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic merka godt at han tok over ei spelargruppe i motgang då han vart trenar i klubben i vår.

Sjå intervju med Marinko Kurtovic.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %