Hopp til innhold

KS krev betre asyl-informasjon frå staten

KS krev meir pengar til integrering og betre informasjon til kommunar som tek imot flyktningar.

Asylsøkere i Lillesand

14 mindreårige asylsøkjarar kom til Lillesand tysdag. Onsdag kjem 13 nye.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Så langt i år har over 20 000 menneske søkt om asyl i Norge, og flyktningstraumen held fram.

Kommuneorganisasjonen krev meir kontroll på kor mange flyktningar som kjem til den enkelte kommune.

KS har sendt eit brev til kommunalministeren der dei krev betre informasjon frå staten.

«Fleire kommunar opplever at det er dei private aktørane som tek kontakt, uformelt og tilfeldig. Ikkje UDI eller fylkesmennene eller KS sitt regionale apparat. Kommunane skal bistå, men treng å bli konkret involvert i planlegging og gjennomføring av ekstraordinære tiltak ved etablering av mottak», skriv KS i brevet til statsråden.

Visste ikkje om asylmottak

Arendal er ein av kommunane som etterlyser betre informasjon. Rådmann Harald Danielsen har opplevd at det har blitt oppretta asylmottak utan at han visste om det.

– Det medfører at vi ikkje får førebudd oss til å løyse oppgåvene som fell på lokalsamfunnet og vi blir ikkje teke med på råd når mottaket vert etablert, seier han.

Ifølgje Danielsen er det åtte private operatørar som driv mottak i Arendal. Talet på asylsøkjarar i alle kategoriar har auka frå 200 til nær 800.

Rådmannen etterlyser informasjon frå UDI anten gjennom KS lokalt eller fylkesmennene.

Arne Thomassen i NRK sørlandets 18:45 sending tirsdag 3 November prater om flyktningestrømmen.

Sjå intervju med Arne Thomassen som er KS-leiar på Agder.

– Må vite kven som skal bu på asylmottaket

KS krev no at kommunane skal få beskjed dersom det vert vurdert å etablere eit mottak.

– Det må komme informasjon om kven som skal bu der. Ikkje minst må ein få kartlagt kva behov dei har. Det er viktig at det vert kartlagt slik at vi kan sette inn ressursane der det er naudsynt, seier KS-leiar på Agder Arne Thomassen til NRK.

– Det må bli orden på dette. Det er kravet frå KS. Vi må ha eit gjennomgåande system som informerer og varslar på ein skikkeleg måte, seier Thomassen.

Han er til dagleg ordførar i Lillesand der det måndag kom 14 mindreårige asylsøkjarar. Onsdag kjem det 13 nye. Thomassen opplever at kommunen har fått god informasjon.

– Vi har vore heldige og har hatt eit godt samarbeid. Men andre kommunar har opplevd det heilt annleis, seier han.

Her er krava til KS:

  • Ei refusjonsordning for barnevernstiltak som gjer kommunane 100 prosent redusjon vil sikre raskare busetting og betre integrering av einslege mindreårige. Dette vil også bidra til å redusere den sterke utgiftsveksten til statlege omsorgssenter.
  • Auka busetting må stimulerast sterkare gjennom å styrke integreringstilskotet.
  • Bustadpolitiske verkemiddel (bustadtilskot og statleg bustøtte) må forsterkast ytterlegare. Husbanken sine kriterie må mjukast opp for å auke fleksibiliteten der det trengs.
Asylmottak i Lillesand

SJÅ REPORTASJE: 14 nye mindreårige asylsøkjarar kom onsdag til Lillesand.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %