– I dag handlar det om dykk og eg ser fram til å lytte, sa kronprinsen til elevane då han opna kurset måndag føremiddag.
Verdighet i kvardagen
Dignity Day er eit to-timars kurs i verdighet for elevar i vidaregåande skule, som skal bevisstgjere ungdom på kva verdighet er og korleis verdighet angår oss alle i kvardagen.
20. oktober er Global Dignity Day og i år skal det arrangerast på alle skular over heile landet. I overkant av 40 land i heile verda deltek i opplegget.
– Vi ynskjer å invitere elevane til ei samtale om korleis deira val og handlingar kan styrkje deira eigen og andre sin verdighet, seier leiar for Global Dignity Day i Noreg, Thomas Horne.
Seks Agder-skular
I tillegg til kronprinsen var fungerande fylkesmann Tom Egerheit tilstades, ordførar i Kristiansand Per Sigurd Sørensen, politimeister Kirsten Lindeberg og fylkesutdaninngssjef i Vest-Agder Arly Hauge var også på plass.
Totalt seks vidaregåande skular i Vest- og Aust-Agder har sagt ja til å delta på Golbal Dignity Day.