Hopp til innhold

Kritiske til regulering av tigging

Ordførarane i Kristiansand og Arendal er kritiske til justisministeren sitt forslag om å regulere tigging. Grete Faremo vil endre politilova slik at kvar enkelt kommunen kan regulere tid og stad for tigging.

Tigger

Ordførarane i dei to største byane på Sørlandet vil ha forbod mot tigging.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Kristiansandsordførar Arvid Grundekjøn meiner dette er feil bruk av ressursar i politiet.

– Dette med tidssoner, at ein kan tigge ein stad frå 14 til 16 og ein annan stad frå 16-18, at politiet skal handheve det og jage tiggarane frå stad til stad verkar veldig lite hensiktsmessig, seier han til NRK.

– Ressurskrevjande

– Det vil bli ressurskrevjande for politiet og dei har sanneleg nok å ta tak i av viktige oppgåver, seier Grundekjøn.

Dersom forslaget går gjennom vil altså kommunane kunne nekte tiggarar å stå i enkelte område til bestemte tidspunkt.

Også ordførar i Arendal Einar Halvorsen trur det vil bli vanskeleg å handheve dette for politiet.

– Det vil jo bli politiet som må regulere dette og sørgje for at dei som tiggar oppheld seg på anviste plassar, som dei vil bli tildelt av kommunen, men det er klart at eg ser at politiet skal bruke ressursar på dette, seier Halvorsen.

Får klager frå folk

Halvorsen får stadig tilbakemeldingar frå butikkeigarar i Arendal sentrum, som er fortvila over tiggarar som sit utanfor butikkane.

– Når det står så mange tiggarar på utsida av lokala, vegrar publikum seg for å gå inne i butikkane. Senterleiaren i byen føler dei misser omsetning og folk handlar heller andre stader utanfor byen, seier Halvorsen.

I dag har ikkje kommunane nokon moglegheit til å nekte tigging. Halvorsen påpeikar at kommunen ofte kjenner seg makteslaus. Difor meiner han likevel at forslaget er i riktig retning.

– Vi har veldig stor pågang rundt handlegatene og kulturhuset her. Det å ha moglegheit til å flytte tiggarane til ein annan stad vil betre situasjonen noko, men det løyser ikkje sjølve hovudproblemet. Den einaste måten å få bukt med dette er totalforbod mot tigging, seier arendalsordføraren.

Redde for tiggarane

I Kristiansand får ordføraren mange meldingar frå eldre som er redde for tiggarane. Også Grundekjøn meiner at eit forbod mot tigging er løysinga.

– Det er mitt personlege syn. Vi må absolutt hjelpe dei som har det vanskeleg i verda, men i forhold til denne folkegruppa trur eg mykje kan gjerast der dei er i utgangspunktet. Der må vi saman med det internasjonale samfunnet gjere ein skikkeleg innsats, seier Grundekjøn.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %