Hopp til innhold

– Ikkje bruk skattepengane til dette

Kripos er kritiske til at det offentlege kan komme til å støtte ein musikkfestival der Hells Angels vil ha fleire hundre medlemmer.

Kriminelle MC-klubber på festival

KRITISKE: Kripos ber det offentlege tenkje nøye gjennom kva festivalar dei skal støtte.

Foto: NRK

Atle Roll-Mathiesen

Atle Roll-Mathiesen, Kripos

Foto: Mari Hvamb / NRK

Åse Michaelsen Frp

Åse Michaelsen, Frp

Foto: Svein Sundsdal / NRK
– Dersom det er slik at Hells Angels vil setje sitt tydlege preg på ein slik festival, kan det i mine auge vere umogleg riktig å bruke offentlege midlar for å leggje til rette for det, seier Atle Roll-Mathiesen i Kriops til NRK.no.

Denne veka kom det fram at Hells Angels planlegg eit landsomfattande treff på Norway Rock Festival i Kvinesdal i Vest-Agder i sommar. Totalt 150 medlemmer kan møte opp på festivalen.

På ein pressekonferanse kom det også fram at dei har planlagt å lage ein eigen Hells Angels-camp på festivalområdet.

Eigne stripparar

Festivalen mottek 500 000 kroner i støtte frå kommunen. I tillegg har festivalen søkt økonomisk støtte frå fylkeskommunen.

– Det er ikkje uvanleg at klubbane etablerer eigne campar inne på campområder på slike festivalar, seier Roll-Mathiesen.

– Dei set opp eigne sperringar, eigne vakter. Dei har eigne leveransar på amfetamin, kokain og har eigne stripparar. Dei brukar fryktpotensialet sitt i forhold til andre. Dette er ikkje uvanleg, seier han.

Kvinesdal kommune har truga med å halde tilbake halvparten av sponsorkronene. Også fleire andre sponsorar vurderer å trekkje seg, deriblant Vest-Agder fylkeskommune.

– Politiet si oppgåve

– Vi har sett dette før. Det er all mogleg grunn til å sjå nøye på korleis dette kan stoppast. Så lang eg har sett meg inn i saka er det meget positivt at ein ser nøye på om ein skal støtte dette tiltaket med offentlege midlar, seier Roll-Mathiesen.

Stortingsrepresentant i justiskomiteen på Stortinget, Åse Michaelsen (Frp), tykkjer det er vanskeleg å forlange sponsorkutt.

– Det er politiet som skal leggje lista og skal seie kva som skal gjerast. Om politiet vel å stå utanfor området å ta dei kontrollane dei må, eller på anna vis forhindre at det vert ein camp inne på campen, er politiet si oppgåve, og ikkje festivalen, seier ho til NRK.no.

Avtalar kriminalitet

Dersom festivalen vert besøkt av kriminelle MC-grupper er det ingen grunn til å vente at dei lagar bråk i sentrum på nattestid, ifølgje Kripos.

– Dei har ein bevisst strategi om å ikkje lage bråk der dei er, seier han.

– Men der dei lagar eigne campar inne på festivalcampen, veit vi at det vert nytta narkotika og er ein arena der kriminalitet vert avtalt, seier Roll-Mathiesen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %