Kritisk til nedlegging av bank
Næringsforeininga i Sirdal reagerer på at Sparebank 1 SR-Bank legg ned kontoret på Tonstad. – Dette er ei nedbygging av utkantkommunane, seier leiar Svein Sturla Tonstad til Agder. Banken seier dei jobbar for å finne løysingar for kundar som treng kontantar.