Hopp til innhold

Kritisk til mangel på nynorsk

Agder og Telemark bispedømme er pålagt å bruke nynorsk som administrasjonsspråk, men sver til bokmål i dei fleste tilfella.

Bispekåpe

Agder og Telemark bispedømme har brukt bokmål sidan 1980. Ifølgje Kulturdepartementet er dei plikta å bruke nynorsk.

Foto: Agder og Telemark bispedømme

– Bispedømmet har ikkje retta seg etter norsk lov, seier nynorskforkjempar Kåre Seland frå Åmli.

Han har irritert seg over språkslurv i Agder og Telemark bispedømme i årevis.

Kulturdepartementet vil no ha samtalar med Agder og Telemark bispedømme om at dei må følgje mållova og bruke nynorsk der det krevjast.

Plikta å bruke nynorsk

Bispedømmet har brukt bokmål sidan 1980, til trass for at dei er pålagt å ha nynorsk som administrasjonsspråk.

– Vi prøver å følgje mållova så godt vi kan og trur vi har vårt på det tørre i forhold til det, seier stiftsdirektør i Agder og Telemark bispedømme, Tormod Stene Hansen.

Han fortel at dei tilpassar målforma om nynorskbrukarar kontaktar dei.

– Når vi får førespurnader på nynorsk så svarar vi på nynorsk. I nokre samanhengar så skriv vi også på nynorsk.

Men «i nokre samanhengar» er ikkje nok. Ifølgje Kulturdepartementet har bispedømmerådet plikt til å etterleva reglane i mållova så lenge det er eit statleg forvaltningsorgan.

21. april skal departementet ta saka opp i ein styringssamtale med bispedømmerådet.

Stene Hansen seier dei ikkje har tolka lova dit hen at dei alltid må bruke nynorsk.

– Det er ikkje slik vi har forstått mållova. Men no skal vi ha eit møte med kulturdepartementet neste veke, og då får vi høyre kva dei seier om det og så får vi forholde oss til det kulturdepartementet seier.

Tormod Stene Hansen

Stiftsdirektør i Ager og Telemark bispedømme, Tormod Stene Hansen, seier dei prøver å følgje mållova.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Dei held ikkje det dei lovar

Nynorskforkjempar Seland har klaga saka inn for departementet.

I eit brev frå departementet til advokaten som Seland har engasjert, står det blant anna:

«Kulturdepartementet kan ikkje instruera stiftsdirektøren til å følgja reglane i mållova, men er innstilt på å ta dette opp i styringsdialogen med bispedømerådet.»

– Dei lovar å gjere noko med det, men held det aldri. Slik har det vore i ti år, seier Seland.

Han har ikkje trua på at det vil bli nokre endringar i bispedømmet etter møtet.

– Dei er så innstilte på å ikkje følgje norsk lov så eg trur ikkje det blir endringar. Dei vil sikkert love bot og betring, men held det ikkje.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %