Hopp til innhold

– Gullknapp-satsing kan undergrave Kjevik

Fylkespolitikarane i Vest-Agder er kritiske til den positive haldninga til Gulknapp hos kollegaene i Aust-Agder.

Torill Runden og Gullknapp

Torill Runden (Ap) likar ikkje at politikarane i Aust-Agder opnar for å utvide Gullknapp.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Terje Damman

Terje Damman, fylkesordførar i Vest-Agder.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Dei reknar med at dette blir ein avlastingsflyplass for Kjevik. Er det nokon flyplass i Norge som ikkje treng avlastingsflyplass må det vere Kjevik, seier Torill Runden (Ap).

Reagerer på charterfly

I januar opna fylkespolitikarane i Aust-Agder for at det skal satsast større på flyplassen i Froland.

Politikarane meiner mellom anna at Arendal lufthamn Gullknapp må få løyve til å utvide slik at den kan ta imot charterfly i framtida. Dette får Torill Runden til å reagere.

– Dei gir løyve og ser positivt på ei utvikling som kanskje på sikt kan undergrave Kjevik sin plass som regional flyplass, seier Runden.

– Må prioritera Kjevik

Fylkesordførar i Vest-Agder, Terje Damman (H) seier til NRK at han er bekymra for kva sals betydning Gullknapp kan få for framtidsutviklinga på Kjevik.

– Vi har jo formuleringar om desse tinga i regionplan Agder 2020 der vi har ein felles oppfatning om at det er Kjevik som er regionens flyplass, seier Damman til NRK.

Er det slik at bekymringa går på om Gullknapp kan kome til å undergrava Kjevik?

– Ja, det er klart at vi er litt bekymra for dette, men det er avhengig av kva Gullknapp byggjast ut til. Vi ynskjer å forsikre oss om at vi framleis har eit felles mål om at Kjevik vart utvikla til ein regionflyplass, seier han.

I 2016 skal rullebana på Gullknapp vere bygd slik at den kan ta imot fly med opptil 50 passasjerar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,43 kr
Dyrest kl. 20 1,54 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %