Kristiansander vann Amanda-pris

Henrik Rafaelsen frå Kristiansand stakk av med prisen for beste mannlege skodespelar under Amandaprisutdelinga.

Henrik Rafaelsen

PRISVINNAR: Henrik Rafaelsen fekk prisen for beste mannlege skodespelar under Amandaprisutdelinga laurdag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Rafaelsen fekk prisen for innsatsen i filmen «Sykt lykkelig».

Rafaelsen har spelt mest teater og seier til NTB at han førebels trivast best på scena, men seier at prisen laurdag gir meirsmak til å lage meir film.

«Sykt lykkelig», beskrive som ein komedie om utruskap, elgkjøt, kvite og kullsvarte løgner, blowjobs og cottage cheese, er regissert av Anne Sewitsky som totalt hadde tre filmar nominert i ulike klassar.

Rafaelsen spelte mot sørlendingen Agnes Kittelsen i filmen.

Filmen Keeper'n til Liverpool vart kåra til vinnar av Gullstrimmelen 2011. Regissør her er Arild Andresen frå Kristiansand.