Hopp til innhold

Kristiansand må spare 40 mill

Verken unge eller gamle skal skjermast når Kristiansand må gjere store kutt innanfor skule og barnehage, helse- og sosialsektoren.

Per Sigurd Sørensen (H)

KNALLTØFT: Kristiansand kommune går eit tøft år i møte og må spare 40 millionar kroner i 2011. Ordførar i Kristiansand, Per Sigurd Sørensen (bilete), meiner kommunen har fått mykje att i store utbyggjingar dei siste åra, og at rekninga kjem no.

Foto: Sundsdal, Svein / NRK

Det var beskjeden til politikarane i byen då rådmannen la fram forslag til budsjett for neste år.

– Vi har eit problem med å halde verksemda innanfor busjettrammene. Det gjeld spesielt innanfor omsorg og barnehagar og forsåvidt andre tenester. I tillegg står vi overfor ein situasjon med høg gjeld, seier økonomidirektør i Kristiansand, Terje Fjellvang til NRK.no.

Byggjefest har kosta

Jørgen Kristiansen KrF

Jørgen Kristiansen

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK
Tor S. Utsogn (Frp)

Tor S. Utsogn

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Mette Gundersen (Ap)

Mette Gundersen

Foto: Nyhetsspiller / NRK
Vidar Kleppe

Vidar Kleppe

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Full barnehagedekning, nye skulebygg, nye idrettsanlegg og Kilden. Store utbyggjingar har kosta skjorta. No er festen over og gjelda passerer 5 milliardar kroner.

– Det er eit resultat av store investeringar som har gitt mykje gjennom rehabiliterte skular, barnehagar og sjukeheimar. Men det er ein pris som må betalast no gjennom høg gjeld og innsparingstilak, seier Fjellvang.

Eit rekordstramt 2011-budsjett skal høvle vekk 40 millionar kroner. Nærare halvparten innanfor helse- og sosialsektoren. Det kan bety at mormor får dyrare heimetenester og at planlagde sjukeheimsplassar ikkje kjem.

– Verre enn venta

Eit 10 millionars kutt i barnehage har småbarnsforeldre allereie fått smake på - i form av auka kostpengar - og etterkvart kutt i bemanninga. 5 millionar vert no henta ut av skulesektoren gjennom å leggje ned skular og kutte ekstra norskundervisning for ungdom med annan etnisk bakgrunn.

Situasjonen er verre enn venta, seier Jørgen Kristiansanen frå Kristeleg Folkeparti.

– Her er det store kutt innanfor skule og store kutt innanfor helse og sosial, barnehage og kultur. Dette vert vanskeleg. Spesielt tykkjer vi at dei store kutta i skulen er problematiske, seier han til NRK.no.

Ordføraren vil roe ned

Tor S. Utsogn frå Framstegspartiet varslar kamp om sjukeheimsplassar.

– Vi kan ikkje la folk som treng der vere utan sjukeheimsplassar. Så ynskjer vi å prioritere sterkare innanfor skule. Det vert to av hovudprioriteringane våre, seier han.

Ordførar Per Sigurd Sørensen (H) er langt meir positiv. Han meiner kommunen skal glede seg over investeringane som er gjort, og at ein må ta rekninga som best ein kan.

– Vi er der vi er no fordi vi har bygd flotte sjukeheimar og skular. Vi har bygd flotte idrettsanlegg og har fasilitetar for befolkninga. No må vi roe oss litt og få tenestetilbodet så godt det let seg gjere, seier han.

– Må sjå ting i perspektiv

– Eldreomsorgen er framleis på eit godt nivå. Det vert nok dyrare og det vert innstraming i tenestetilbodet, men eg trur eldregruppa vert skjerma. Heimetenestene vert også dyrare i takt med prisstigninga. Det slår ut med cirka ti kroner i timen, seier Sørensen.

Varaordførar Metter Gundersen (Ap) meiner kommunen vil tole kutta.

– Mange vil merke det i form av auka einandelar eller dyrare plassar innanfor ulike sektorar. Samstundes bur vi jo i et av verdas beste land og viss du ser ting litt i perspektiv, er det framleis slik at vi har ein veldig god by å bu i, seier Gundersen.

Dersom det er nokon trøst. Kristiansand er slett ikkje aleine om å måtte gjere store kutt i budsjettet.

– Viss du les regionavisene rundt om i Noreg, er det store utfordringar både i Bergen, Stavanger og Trondheim. Det er ganske likt over heile fjøla, seier økonomidirektør Terje Fjellvang før han hasta vidare og ikkje ville snakke meir.

Han får sterk kritikk frå Vidar Kleppe frå Demokratene.

– Moderselskapet Kristiansand kommune veit ikkje kor stor gjeld ein har gjennom ulike aksjeselskap. Eg skulle likt å sjå at Kjell Inge Røkke ikkje hadde fått oversikt over kor mykje gjeld selskapet hans har samla sett. Dette går ikkje. Dette er heilt uansvarleg, er meldinga frå Kleppe.

Kristiansand bystyre skal vedta budsjettet seinare i haust.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %