Hopp til innhold

Kristiansand hamn blant dei beste på landstraum

Kristiansand hamn har satsa mykje på at skipa under opphald skal få straum frå land. No er hamna blant dei beste i landet på dette området.

Offshorehavna i Kongsgårdbukta

Hamna i Kongsgårdbukta i Kristiansand har gode forhold for landstraum.

Foto: Kristiansand Havn

– Vi er heilt i eliteserien her i Kristiansand.

Det seier assisterande havnedirektør i Kristiansand, Thomas Granfeldt. Trass nedgangstider har hamna gjort nasjonal suksess når det kjem til landstraum.

– Vi har ferjene på høgspent, i tillegg kan vi levere opp til 1200 KW amper direkte til store fartøy eller riggar i hamna vår i Kongsgård.

Satsar miljøvennleg

Granfeldt fortel at Kristiansand vil satse vidare på miljøvennleg landstraum.

– Når det gjeld båtar som kjem inn no så er det alltid ei vurdering om dei skal leggje seg på landstraum eller ikkje. Men no er det ein gong slik at straum er ikkje berre straum, så det er ikkje alltid like enkelt og praktisk å få det til. Men det står veldig høgt oppe på agendaen når vi får inn båtar som har unormale anløp, altså skal liggje litt lenger eller liknande. Då diskuterer vi alltid landstraum.

Havnedriftssjef ved Kristiansand havn, Thomas Granfeldt

Assisterande havnedirektør i Kristiansand, Thomas Granfeldt, er stolt over at hamna i byen er av landets beste når det kjem til landstraum.

Foto: Leif Dalen

Positive trass nedgangstider

Sjølv om det for augneblinken er nedgangstider forventar han at fleire båtar vil ta turen til Kristiansand hamn.

– Vi veit det er mange fartøy innan olje og gass som har lite å gjere. No har vi ingen båtar i opplag per dags dato i Kristiansand, men vi har forespørslar om det, og då vil vi sjølvsagt også vurdere landstraum.

Komplisert

Granfeldt fortel at det kan vere komplisert å finne moglegheiter for landstraum for båtane som kjem til hamna.

– Det kjem litt an på mengda, kor mykje straum dei skal ha og kva frekvens dei treng. Men er det på vanleg langfrekvens, så vil vi kunne finne straum. Vi må kanskje leige ein transformator ei periode for å få dette til, men vi finn løysingar. Det, i kombinasjon med kostnadsbiletet, er ofte diskutert. Og då er ein avhengig av kor mykje dei skal ha og kor lenge dei skal liggje.

Created by InfoDispatcher
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) trykket på knappen som gjorde at Color Lines skip i Kristiansand går på landstrøm under opphold i Kristiansand.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %