Hopp til innhold

Kring 50 misser jobben i hjørnesteinsbedrift

For andre gong på kort tid misser fleire tilsette ved Eiken Mekaniske Verksted i Hægebostad jobbane sine.

Eiken Mekaniske Verksted

Kring 50 tilsette må gå frå Eiken Mekaniske Verksted.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Tor Vegar Gysland

Tor Vegar Gysland er dagleg leiar ved Eiken Mekaniske Verksted.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Vi har sett ein varig nedgang i førespurnader frå oljeaktørar i området. Vi får ikkje inn fleire jobbar og må difor nedbemanne, seier dagleg leiar Tor Vegar Gysland til NRK.

Etter det NRK erfarer fekk 31 av dei tilsette beskjed om nedbemanninga måndag. Totalt vil i underkant av 50 miste jobbane sine. Ved årsskiftet hadde bedrifta 78 tilsette.

15 tilsette slutta ved bedrifta tidlegare i år. No vert 31 nye tilsette sagt opp.

Tillitsvald Kim Reidar Orthe seier i ei pressemelding at prosessen kring nedbemanninga har vore ryddig.

Han seier samstundes at situasjonen er utfordrande for dei som misser arbeidsplassen sin.

Eiken Mekaniske Verkstad held til på Eiken i Hægebostad. Dei leverer diverse industriløysingar til oljebransjen og innan vasskraft.

Dei har mellom anna levert fleire produkt til oljeselskapa National Oilwell Varco og Cameroon.

Bedrifta vart stifta i 1975.

Eiken Mekaniske Verksted

Produksjonslokala til Eiken Mekaniske Verksted.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %