– Eg snakka for døve øyre. Eg fekk aldri noko svar, seier den erfarne KrF-politikaren som sit i bystyret for KrF i Kristiansand.
– Eg sende fleire e-postar om at dette vart konsekvensen av desse to veldig viktige sakene. Eg frykta at De Kristne ville ta veljarar og det skjedde, seier Sødal.
Tapte veljarar
I fleire tradisjonelle KrF-kommunar på Agder tok De Kristne mange veljarar frå KrF under valet. I Hægebostad hadde KrF ein tilbakegang på 5,7 prosent til 24,8 prosent, medan De Kristne gjekk fram 9,2 prosent.
I Vennesla gjekk KrF tilbake nesten tre prosent, medan De Kristne hadde ein framgang på nesten fire prosent. På valnatta gjekk lokallagsleiar Celina Hagen i Vennesla KrF hardt ut mot veljarane som stemte De Kristne.
– Dei har bidrege til å få færre stemmer som kjempar for dei kristne verdiane. Eg tykkjer veljarane skal merke seg det. Stemma deira er tapt. Dei har ikkje fått noko ut av stemmene i forhold til at KrF kunne ha vore med og fått ein større posisjon på Stortinget, sa Hagen.
Frykta sperregrensa
Harald Sødal er glad for at KrF enda på 5,6 prosent som ved førre val.
– Eg hadde nok trudd at det skulle slå sterkare ut. Det er ei lukke at vi har halde på desse ti mandata med den forhistoria vi har hatt dei siste åra, seier Sødal.
– Vi hang i ein tynn tråd i ein periode på sperregrensa. Men det er ofte slik at folk vender tilbake til det trygge, gode, gamle når dei kjem til sjølve valurna. Den effekten har heldigvis slått inn, seier han.
No håpar KrF-veteranen at partiet vil vinne tilbake veljarane ved neste val.
– Veljarane gløymer raskt. Men det beste hadde vore om partiet sentralt fekk polert sine verdiar, seier han.
Eriksen: – Vi har blitt tydelegare
Dagrun Eriksen påpeikar at KrF mest truleg ikkje ville ha fått fleire mandat om De Kristne-veljarane hadde stemt på KrF.
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixNestleiar i KrF, Dagrun Eriksen, forstår ikkje kritikken frå Sødal.
– Når han ikkje har fått svar lurer eg på kvar han har vore i denne prosessen. Dette er ein prosess som har gått i partiet og som har vore innom alle dei demokratiske organa, seier Eriksen.
– Vi har fått eit vedtak og ein formålsparagraf som er endå tydelegare på dei kristne verdiane enn vi har hatt tidlegare, seier nestleiaren.
Eriksen trur heller ikkje at KrF hadde fått fleire mandat på Stortinget dersom De Kristne-veljarane heller hadde stemt på KrF.
– Guds vilje
– Vi har sett på tala. De Kristne er langt ifrå å klare å ta mandat. Det ser heller ikkje ut til at vi hadde fått ekstra mandat om veljarane hadde stemt på oss, seier ho.
– Det er lett å byrje å tolke i den eine eller den andre retninga. De Kristne må få lov til å etablere seg. Det eg har reagert på med partiet er at dei har brukt ord som at det er Guds vilje at ein skal stemme på dei, seier ho.
– Det var mange som sa at vi kom til å bli borte frå norsk politikk dersom vi endra paragrafen. Det har vi ikkje, og det trur eg handlar om at folk ser at vi har tydeleggjort samanhengen mellom kristne verdiar og politiet på ein betre måte, seier Eriksen.