Hopp til innhold

KrF-topp vil ha kystjernbane

Innan år 2044 vil stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF) ha på plass ei kystjernbane med dobbeltspor frå Oslo til Stavanger.

Målet bør være at den er klar helt til Stavanger i 2044, 100 år etter at Sørlandsbanen var ferdig, sier han.

Høyr intervju med Hans Fredrik Grøvan.

– Sørlandsbana stod ferdig i 1944. Når den feirar 100 år i 2044 bør det vere dobbeltspor heilt til Stavanger, seier Grøvan til NRK.

Mange av politikarane var opptekne av jernbane på det felles fylkesårsmøtet til Vest-Agder og Aust-Agder KrF laurdag.

Hans Fredrik Grøvan

Hans Fredrik Grøvan på KrF sitt årsmøte i Aust- og Vest-Agder.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Politikarane understreka blant anna at ei samanslåing av Vestfoldbana og Sørlandsbana kan få stor betydning. Dette vil gje ein større bu- og arbeidsmarknad.

Då fagetatane la fram sitt forslag til Nasjonal Transportplan i førre veke var det ikkje sett av investeringsmidlar til ei slik samankopling.

Vil starte utgreiing

Men Grøvan tenkjer allereie lenger fram.

KrF-politikaren, som sit i transportkomiteen på Stortinget, vil i gang med ei utgreiing av ei ny kystjernbane med dobbeltspor heilt frå Oslo til Stavanger.

– Det viktigaste no er å få inn ei samankopling av Vestfoldbana og Sørlandsbana i Nasjonal Transportplan som skal vedtakast i 2017. I neste stortingsperiode må vi starte utgreiing av ei kystjernbane for strekninga Brokelandsheia – Kristiansand, og deretter Kristiansand til Stavanger, seier han.

– Det handlar om å bygge større regionar, få ein meir dynamisk transportsektor for å kunne betene både Sørlandet og Grenlandsområdet, og ikkje minst ei satsing på ei miljøvenleg transportform, seier han.

Vil knyte saman regionar

Grøvan peikar mellom anna på at satsing på jernbane kan vere med på å oppfylle klimamåla i framtida.

– I tillegg til det vil det bidra til å lage ein større bu- og arbeidsmarknad i regionen vi høyrer til. Det vil også knyte saman regionane aust og vest for oss, seier han.

– Er det realistisk å få til dette?

– Absolutt. I høghastigheitsutgreiinga som vart gjort for nokre år sidan, vart det peika spesielt på ei strekning i Norge der det var så tett befolkning at det kunne vere lønnsamt. Det var strekninga Oslo – Stavanger. Her bur det folk langs hele strekninga, seier han.

Sørlandsbanen

Grøvan vil ha dobbeltspor langs kysten heilt frå Oslo til Stavanger.

Foto: Øystein Ellingsen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %