Hopp til innhold

KrF gjekk fram i Froland

Det er uklart om Senterparti-ordførar Sigmund Pedersen får halde fram som ordførar i kommunen. KrF gjekk fram 7,8 prosentpoeng frå førre val.

Sigmund Pedersen

UT?: Det er uklart om Sigmund Pedersen får halde fram som ordførar i Froland.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Dermed har KrF fire representantar i kommunestyret. Senterpartiet misser ein representant og står tilbake med seks.

Det betyr at ordførarjobben truleg står mellom dagens ordførar Sigmund Pedersen (Sp) og fylkesleiar i KrF, Ove Gundersen.

Framstegspartiet får behalde sine tre representantar, sjølv om partiet gjekk tilbake 3,7 prosentpoeng frå førre val.

Slik gjekk valet i Froland:

  • Arbeiderpartiet fekk 19 prosent av stemmene og står framleis med fire representantar
  • Senterpartiet gjekk tilbake 7,5 prosentpoeng til 30,6 prosent og misser altså ein representant. Dei står att med seks i kommunestyret.
  • KrF gjekk altså fram 7,8 prosentpoeng til 24,1 prosent. Dei får altså ein representant meir og står med fire.
  • Venstre får ingen representantar med sine 3,3 prosent
  • Høgre får to representantar. Ved førre val fekk dei null.
  • Frp står med tre representantar etter årets val. Det same som førre gang.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %