Hopp til innhold

Krangla om caps – vart melde til politiet

Slåstkamp, ruskøyring og festbråk. Det er nokon av sakene politiet i Agder måtte handtere natt til laurdag.

06.56 Kristiansand: Ein mann (47) vart stoppa på Bjørndalssletta mistenkt for promillekøyring. Mannen bles til 0,3 i promille.

03.40 Mandal: To personar vart melde for ordensforstyrrelse. «Skader i ansiktet etter krangel om ein caps. Det vites ikke hvordan det gikk med capsen», skriv politiet i politiloggen.

03.10 Mandal: To sovande 17-åringar vart vekt i sentrum og «levert» til foreldra. – Dei hadde ikkje ete for mykje skalldyr, skriv operasjonsleiaren i Agder-politiet i loggen.

03.07 Arendal: Ein mann (27) vart meld for urinering på offentleg stad.

02.58 Mandal: Ein 37 år gammal mann er meld til politiet etter å ha slått ned ein 19 år gammal mann i Mandal. Mannen skal ha fått skader i nasen, opplyser politiet.

02.57 Kristiansand: Ein mann (29) vart meld for urinering på offentleg stad.

02.46 Mandal: Ein mann (23) vart vist bort frå sentrum etter å ha forstyrra ro og orden.

01.28 Arendal: Ein mann (19) vart meld for køyring i cannabisrus. Førarkortet hans vart beslaglagt og han vart teken med for å ta blodprøve.

01.23 Mandal: Politiet fekk klage frå ein mann om at kona hadde stukke over til naboen. – Feil klageinstans. Nokon gonger er det umogleg for politiet å ordne opp, skriv operasjonsleiaren i Agder-politiet.

00.28 Arendal: Ein mann (29) vart meld for promillekøyring. Mannen bles til 0,48. Førarkortet hans vart beslaglagt.

23.57 Mandal: Ein mann vart meld for lekamskrenking og for ikkje å ha etterkomme politiet sine ordre.

23.40 Mandal: To personar vart vist bort frå sentrum fordi dei var for rusa.

23.08 Mandal: Ein person vart meld for urinering på offentleg stad og for å ha oppgitt feil personalia.

22.31 Kristiansand: Politiet avslutta ein fest etter melding om bråk.

22.25 Kristiansand: Ein mann vart meld etter å ha bore kniv på offentleg stad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %