Hopp til innhold

Kraftpengar til krafttak

Kommunane i setesdal og fylkeskommunen vil bruk 100 millionar av kraftpengane til utbetring av riksveg 9 gjennom Setesdal.

Setesdalordførarar, Kai Jeisklid, Bjørgulv S. Lund og Knut A. Austad.

Setesdalordførarane Kai Jeisklid (Bykle), Bjørgulv S. Lund (Valle) og Knut A. Austad (Bygland) håpar staten legg inn dei resterande 200 millionar kroner som trengst.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

- Det har gått smått. Slik eg ser det er det viktig at jo tidlegare vi får til ein veg, jo større nytte får vi av den. Vi har teke eit skikkeleg grep for å stille med den billetten som vi meiner er nødvendig for å få staten raskt på bana for å komme med midlane, slik at vi kan få ein trygg, god og effektiv ferdselsveg oppover Setesdalen, seier ordførar i Valle, Bjørgulv S. Lund til NRK Sørlandet.

Utfordrar staten

- Etter forhandlingar med fylkeskommunen legg vi inn 100 millionar kroner over ti år til riksveg 9. Då trur eg vi matchar staten på ein god måte, og utfordrar dei til å bevilge dei resterande 200 millionane som vi treng til å få fullfinansiert riksveg 9, seier ordførar i Bykle, Kay Jeisklid.

Ordførar i Bygland kommune, Knut A Austad, håpar utfordringane kan skje så raskt som mogleg.

- Flaskehalsar

- Vi har mange flaskehalsar gjennom Setesdal endå. Det er snakk om vel 50 kilometer som gjenstår, seier han.

Fylkesordførar i Aust-Agder, Laila Øygarden, forventar at staten blir med.

- Når det regionale legg inn 100 millionar kroner, forventar eg at Vegvesenet legg inn det dobbelte, slik at vi kan bli ferdig med ein veg som betyr ekstremt mykje for Setesdalen, seier fylkesordførar i Aust-Agder, Laila Øygarden til NRK Sørlandet.

- Må få dette til

No håpar ho at staten stiller med resten av pengane, i opprustinga av riksveg 9 gjennom Setesdal.

- Eg håpar det er ein motivasjon for Vegvesenet når dei ser at vegen betyr så mykje for oss når vi legg inn 100 milionar kroner. No skal vi jobbe saman med Setesdal og betre stamvegen for å få dette til, seier ho.

Høgare ulukkesfrekvens

Fylkesordføraren er ikkje nøgd med vegstandaren slik den er no.

- Ein god del er blitt bra, men det er enno områder att som er utruleg dårleg. Ein veit jo at ulukkesfrekvensen er mykje større når ein har ein bra veg, og plustseleg køyrer over på ein smal veg. Vi må få dette retta på ein betre måte, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %