Hopp til innhold

Kraftig vind skapar trøbbel for alpinsenter

Dårleg vêr gjer at stolheisane både på Hovden Alpinsenter i Bykle og Tjørhom og Ålsheia skisenter i Sirdal er stengde.

Stolheis

Stolheisane vert ståande i ro både på Hovden og i Sirdal laurdag.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

På Hovden er det vind som skapar problem.

I Sirdal gjer både kraftig vind og tett tåke at stolheisen ikkje går.

Øystein Tjørhom, daglig leder Sirdal Skisenter

Øystein Tjørhom er dagleg leiar iTjørhom og Ålsheia skisenter i Sirdal.

Foto: Erik Waage / NRK

– Vi har hatt ein del vind frå sør. Då treff den rett inn i stolheisen frå sida. Då er det fare for avsporing, seier dagleg leiar i Tjørhom og Ålsheia skisenter i Sirdal, Øystein Tjørhom til NRK.

Har sendt ut obs-varsel

I Sirdal har det blese 15-16 sekundmeter på det meste.

– Det er litt vindfullt, men det er ikkje veldig farleg, for dei andre heisane går jo, seier Tjørhom.

Meteorolgisk institutt har nå sendt ut eit obs-varsel for Sør- og Vestlandet.

Dei melder at det kan bli lokalt vanskelege køyreforhold laurdag kveld som følgje av kraftig vind og snø.

– Vi sender ut eit obs-varsel, særleg fordi det er påske og vi veit at det er mykje folk i fjellet, seier vakthavende meteorolog Berit Hagen ved Meteorologisk institutt til NTB.

Stengt i heile dag

I Sirdal vil stolheisen vere stengt i heile dag.

– Det er ikkje håp om at den opnar att i dag. Vi vil oppdatere så raskt vi har fått ein liten rapport på morgonkvisten i morgon, seier Tjørhom.

Dei to største alpinsentera på Sørlandet har hatt ei særs god påske til no.

På Hovden vart det sett ny besøksrekord fredag. Då var 3300 menneske innom alpinsenteret.

I Sirdal løyste over 2000 billett same dag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %