NRK Meny
Normal

Køyreskule vil redde liv

Køyreskulen Golins trafikkskole i Flekkefjord innstallerer hjartestartarar i bilane sine. Køyreskulen har fleire gonger opplevd å komme først til ulykkesstader.

Odd Arne glendrange

HJARTESTARTAR: Golins trafikkskole i Flekkefjord set inn hjartestartarar i bilane sine.

Foto: Lars Eie/NRK

– Skulle det skje noko veit vi at vi har hjartestartar tilgjengeleg. Då vil vi sjølvsagt hjelpe til, seier dagleg leiar ved trafikkskulen, Anders Golin Glendrange til NRK.no.

I neste veke startar dei arbeidet med å innstallere hjartestartarar i dei seks bilane sine. I tillegg er alle dei tilsette sende på kurs for å lære å bruke den.

Har kunnskap

No oppmodar Autorisert Trafikkskolers Landsforbund fleire norske trafikkskular om å gjere det same.

– Seinast i helga snakka vi med ein trafikkskulebil, som var først på ein ulykkesstad. I etterkant av ulykka diskuterte dei om ein burde vere endå betre utstyrt enn dei er i dag, seier styreleiar i landsforbundet, Tor Inge Soma til NRK.no.

Hjartestartaren er enkel å bruke og fortel deg nøyaktig kva du skal gjere. Trafikkskulen i Flekkefjord trur lokalmiljøet kan nyte godt av sjåførane sine førstehjelpkunnskap og hjartestartarane.

– Vi har ved eit par tilfelle komme der det har vore trafikkulykker. Personar har vore bevisstlause og det har vore behov for hjartekompresjonar og munn til munn. Dessverre har personar døydd før helikopter har komme til staden, seier han.

Hjertestarter

STARTAR: Slik ser hjartestartaren ut.

Foto: Lars Eie/NRK

Føler seg betre rusta

– Eg tykkjer dette er ein god tanke. Vi køyrer mykje rundt og vi kan raskt komme der det trengs, seier han.

Investeringa kostar rundt 90 000 kroner.

Når ein brukar ein hjartestartar vert to elektrodar kopla til pasienten sitt bryst. Startaren registrerer om det er puls, dersom ikkje vil det komme elektriske støt.

– Eg føler meg betre rusta. Eg har bilen med på fotballtrening og fotballkampar. Då veit eg at startaren er der, seier han.