NRK Meny
Normal

Køyrde bil med 3,3 i promille

Ein 39 år gammal mann har erkjent å ha drukke vodka tett i fleire timar før han sette seg bak rattet.

Ifølgje Folkehelseinstituttet kan ei promille på over 3 vere dødleg.

– Over 1,5 promille vil dei fleste få problem med hukommelsen. Hukomelsesproblema aukar med stigande promille. Ved særs høg promille blir bevisstheten nedsett og ein kan bli bevisstlaus, skriv instituttet på sine nettsider.

Meir enn ei halv flaske vodka

Ifølgje Grimstad Adressetidende vart mannen mål ein time etter køyringa.

– Han hadde drukke meir enn ei halv flaske vodka før køyringa, men kunne ikkje seie nøyaktig kor mykje, står det i rettspapira ifølgje avisa.

Politiadvokat Geir Magne Søfteland kan ikkje hugse nokon saker der promilla ha vore så høg tidlegare.

– Det høgste eg kan komme på i farten frå Grimstad, må vere mannen som kolliderte med ein annan redd ved Killegård for eit år sidan, seier han.

Har alkoholproblem

I retten erkjente den 39 år gamle mannen at han har eit alkoholproblem. Han fortalde også at han har vore til behandling.

Mannen må sone 35 dagar i fengsel. I tillegg må han betale ei bot på 30 000 kroner. Mannen misser også retten til å køyre bil i tre år. For å få sertifikatet tilbake må han gjennomføre ny førarprøve.

39-åringen ba om betenkningstid på dommen. Den er dermed ikkje rettskraftig.