NRK Meny
Normal

Køyrde bil med 2,68 i promille

Ein 31 år gammal mann er dømd til 60 dagars fengsel etter promillekøyring på E18.

Ifølgje Aust-Agder tingrett hadde mannen ei promille på 2,68 to timar etter køyreturen.

Episoden fann ved Bie i Grimstad 29. desember i fjor. Han kolliderte med ein bil i motgåande køyrefelt, og stakk frå staden. Det oppstod berre materielle skader i ulykka.

– Retten har i skjerpande retning lagt vekt på at det ligg eit betydeleg skadepotensial ved rusa køyring, og at han utvilsamt har representert ein svært stor fare for seg sjølv og andre trafikantar, skriv retten i dommen.

Mannen, som er av utanlandsk opphav, er også tidlegare dømd for promillekøyring.

31-åringen misser også førarkortet i fem år. Det betyr også at han må ta ny førarprøve for å få bilsertifikatet tilbake.