NRK Meny
Normal

Køyrde av vegen og stakk av

Ein bilførar er mistenkt for promillekøyring etter å ha køyrt av vegen på Vågsbygdveien i Kristiansand.

Bil i grøfta i Kristiansand

Bilen låg framleis i grøfta laurdag føremiddag.

Foto: Inger-Lise Hansen/NRK

Det var fredag kveld at politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt av vegen.

Ifølgje politiet skal det ha vore to personar inne i bilen, men begge hadde stukke frå staden då ei politipatrulje kom fram.

Politiet sette i gang søk etter dei to med hund. Dei to vart funne etter kort tid.

Bilføraren er mistenkt for promillekøyring og køyring utan gyldig førarkort.

Bil i grøfta i Kristiansand

Det skal ha vore to personar i bilen då den hamna i grøfta.

Foto: Inger-Lise Hansen/NRK