Hopp til innhold

Kontringsmagi frå Sandefjord senka Start

Ein hurtig svenske og ein elegant spanjol var nok til å sikre ein solid siger, og tre Sandefjord-poeng mot Start i Kristiansand.

Eliteserien fotball 2018 Start-Sandefjord.

Pontus Englom og Sandefjord jublar for 2-1-scoringa mot Start. Gjestene frå Vestfold vann til slutt 4–1.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi har jobba steinhardt. Det var ei utruleg revansjelyst etter Molde-kampen. Det såg ikkje bra ut. Med ny trenar inn og litt usikkerheit kring korleis vi skal spele kom seriepremieren litt tidleg, seier Sandefjord-trenar Magnus Powell til NRK.

Powell snakkar om flausa i serieopninga mot Molde der laget tapet 0-5. Og det såg mørkt ut også i Kristiansand. I alle fall ei stund.

Det stod 1–1 til pause i eliteserieoppgjeret i Kristiansand, etter at Start hadde teke leiinga. Det var Start som styrte det meste, og dei stod høgt i bana og pressa Sandefjord tilbake.

Men det skulle vise seg å ikkje vere så lurt.

Intervju med Start-trenar Mark Dempsey etter tapet mot Sandefjord.

Sjå intervju med Start-trenar Mark Dempsey etter tapet mot Sandefjord.

Scora etter to minutt

Midtvegs ut i andre omgang kasta gjestene seg i angrep etter ein stor Start-sjanse. Ei silkepasning frå Håvard Storbæk enda hos svenske Pontus Engblom.

26-åringen som har bøtta inn mål i 1. divisjon, scora sitt første i Sandefjord-drakt då han dunka ballen i lengste hjørnet frå venstre.

Engblom hadde berre vore på bana i to minutt då han putta.

– Eg veit kva eg er god for og kva eg står for. Eg må berre bevise det, seier Engblom til NRK.

Ti minutt seinare straffa gjestene Start på nok ein hurtig overgang. Innbytar Mohammad Afkir trilla ballen til spanske Enric Vallès som sette fart og dunka ballen i mål til 3–1.

Intervju med Pontus Engblom etter 4-1-sigeren mot Start.

Sjå intervju med Pontus Engblom etter sigeren mot Start.

Sesongens første siger

Då Engblom la på til 4–1 seks minutt seinare var det definitivt punktum. Spissen snappa ballen enkelt ifrå Start-kaptein Simon Larsen.

Sørlendingane vart møtt med pipekonsert frå heimepublikummet då dei gjekk av bana.

– Vi må gå i oss sjølve. Dette er absolutt ikkje godt nok. Det er altfor dårleg, seier Start-kaptein Simon Larsen til Eurosport etter kampen.

Start-trenar Mark Dempsey ville ikkje deppe etter kampen, men innser at det unge Start-laget manglar rutine.

– Vi blir betre og betre. Vi må lære å kontrollere kampar, seier han.

– Ville det ha vore enklare å kontrollere kampen med meir rutine i laget?

– Eg trur du har rett. Sandefjord har Mjelde og Storbæk. Dei veit kva jobb dei skal gjere og er lojale. Det er vanskelegare for mine spelarar fordi eg ber dei vere meir offensive og kreative. Men dei vil lære, seier Dempsey.

Sandefjord tok dermed sin første trepoengar for sesongen.

Start gjekk på sin første smell denne sesongen.

Det var Kristján Flóki Finnbogason som sende heimelaget i leiinga 21 minutt ut i kampen. Håvard Storbæk utlikna for Sandefjord ti minutt før pause.

Intervju med Sandefjord-trenar Magnus Powell etter sigeren mot Start.

Sjå intervju med Sandefjord-trenar Magnus Powell etter sigeren mot Start.

Intervju med Start-keeper Håkon Opdal etter tapet mot Sandefjord.

Sjå intervju med Start-keeper Håkon Opdal.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %